NRK Meny
Normal

ØIF tapte knepent mot Runar

ØIF Arendal tapte 27-29 heime mot regjerande cupmeister Runar i eliteserien i handball.

Leif gautestad

Leif Gautestad sine menn var nær poeng mot Runar heime i Nedeneshallen.

Foto: Sander Heggheim/NRK

Runar såg ut til å ha kontroll på kampen då dei gjekk til pause med 17-12. Men arendalittane bretta opp ermane og kjempa seg innatt i kampen. Ni minutt før full tid var stillinga 23-22 til heimelaget. Likvel var det Runar som til slutt stod att med full pott på bortebane.

Henta av ambulanse

Den største skuffelsen etter kampen er nok at Andreas Kjølner Hansen vart henta av ein ambulanse kvarteret før full tid. Ifølgje Agderposten skal toppscoraren ha skada ein ankel.

ØIF Arendal ligg framleis på 9. plass på tabellen med åtte poeng.

Kampfakta

ØIF Arendal Runar 27-29 (12-17)
632 tilskodarar

Toppscorar ØIF Arendal: Preben Vildalen 7
Toppscorar Runar: Peder Trevdal 7.

Utvisningar:
ØIF Arendal 5 x 2 min. og eitt raudt kort
Runar 5 x 2 min.

Terminliste ØIF Arendal 09/10

Terminliste ØIF Arendal 09/10

1. ØIF Arendal - Sandefjord

27-24

2. Elverum - ØIF Arendal

30-17

3. ØIF Arendal - Follo

23-21

4. Bodø HK - ØIF Arendal

32-27

5. ØIF Arendal - Stord

27-30

6. Haugaland - ØIF Arendal

22-29

7. ØIF Arendal - Drammen

30-31

8. Fyllingen - ØIF Arendal

35-21

9. ØIF Arendal - Bækkelaget

32-26

10. ØIF Arendal - Elverum

32-32

11. ØIF Arendal - Runar

27-29

12. Sandefjord - ØIF Arendal

23-24

13. Haslum HK - ØIF Arendal

26-29

14. Follo - ØIF Arendal

30-22

15. ØIF Arendal - Bodø HK

32-29

16. Stord - ØIF Arendal

17-31-

17. ØIF Arendal - Haugaland

29-26

18. Drammen - ØIF Arendal

37-27

19. ØIF Arendal - Fyllingen

35-29

20. Bækkelaget - ØIF Arendal

32-26

21. ØIF Arendal - Haslum

31-30

22. Runar - ØIF Arendal

19-25