Hopp til innhold

ØIF slo gullfavoritt: – Eit magisk publikum hjelpte oss til siger

ØIF ARENDAL - ELVERUM 25-23 (15-10): ØIF Arendal viste at dei blir å rekne med i toppen av tabellen etter ein overbevisande siger mot Elverum på gulljakt.

Svenn Erik Medhus, ØIF Arendal

Keeper Svenn Erik Medhus vart kåra til ØIF sin beste spelar.

Foto: Sander Heggheim/NRK

– Først og fremst vil eg trekkje fram eit magisk publikum. Vi kjende verkeleg trykket her. Det gjer noko med gutane, seier ØIF Arendal-trenar Marinko Kurtovic til NRK.

Laget løfta seg mange hakk frå seriepremieren der det vart tap i Bodø.

Arendalittane gjekk ut i eit forrykande tempo på heimebane og leia kampen frå start til mål.

God Medhus

Eliteserieklubben tok vare på kontringane, nekta å sleppe Elverum gjennom forsvaret, og bakerst stod keeper Svenn Erik Medhus ein særs god kamp.

I tillegg stod kaptein Eirik Heia Pedersen fram slik vi kjenner han med enorm arbeidsinnsats. Også veteranen Andre Jørgensen Hofstøl viste glimt av gammal storheit.

– To poeng heime mot Elverum er veldig sterkt. Dei er tippa i toppen i år og det er viktig å vinne denne kampen heime, seier Eirik Heia Pedersen.

– Vi har sagt at vi skal vinne alle heimekampane våre og dette er ein god start, seier kapteinen.

ØIF Arendal

ØIF-spelarane jublar etter ein sterk siger mot Elverum.

Foto: Sander Heggheim/NRK

Irritert Kurtovic

ØIF gjekk til pause med 15-10 leiing, men fekk det tøffare i andre omgang.

Marinko Kurtovic, ØIF Arendal

Marinko Kurtovic var naturleg nok godt nøgd med sigeren mot Elverum.

Foto: Sander Heggheim/NRK

– Det som irriterer meg mest er at vi ikkje leiar med meir enn fem mål. Vi kunne ha leia med 8-9 mål, seier Kurtovic.

Hedmarkingane jobba seg gradvis inn igjen i kampen, og var berre eitt mål bak då det stod att åtte minutt av kampen.

Men eit solid ØIF-forsvar og godt målvaktspel gjorde at laget heldt unna og kunne juble for siger føre 1800 tilskodarar.

Supportarar i ekstase

På tribuna kunne vi høyre jublande ØIF-supportarar rope : «rått», «sjukt» og «beste kampen eg har sett av ØIF nokon gang».

– Det er kjekt å høyre at supportarane er nøgde. Vi leverte ein solid kamp, seier ØIF-trenaren.

Neste utfordring for ØIF Arendal er bortekamp mot Fyllingen i Bergen.

– No skal vi suge litt på denne karamellen, så skal vi prøve å ta Fyllingen i neste kamp, seier han.

Svermen, ØIF Arendal

Nesten 2000 tilskodarar såg ØIF Arendal slå Elverum.

Foto: Sander Heggheim/NRK
null
Spiller nå
Lett å få flyskrekk av dette - men det finnes råd 00:41
Neste

Økonomistatus

Strømpris i dag

Inkludert avgifter

Billigst kl. 14 1,6 kr
Dyrest kl. 18 1,95 kr

Strømkostnader nå

  • Steke pizza 0,6 kr 25 min.
  • Dusje 6,4 kr 10 min. / 100 liter vann
  • Vaske klær 0,8 kr En vask
  • Varmeovn 1,6 kr 1000w, en time

Styringsrenta i prosent

Høyere styringsrente betyr økte utgifter dersom en har boliglån

Økte matpriser

Hvor mye matprisene har økt det siste året, sammenlighet med lønnsutvikling

  • Matvarer Mars 2023 – mars 2024
    + 6,1 %
  • Lønnsutvikling Anslag for 2024
    + 4,9 %