ØIF-profil: - Ikkje råd til kvile

ØIF Arendal går frå storsiger mot Stord til kamp mot eit av botnlaga. Ei stor utfrodring, meiner ØIF-spelaren Sondre Paulsen.

Sondre Paulsen, ØIF

MÅ VINNE: ØIF Arendal-spelaren Sondre Paulsen meiner laget må slå Haugaland.

Foto: Sander Heggheim/NRK

– Sigeren mot Stord var ein stor opptur for oss. Spelemessig var det nok noko av det beste vi har prestert nokon gang, skriv Sondre Paulsen i si faste spalte i Agderposten.

Sist serierunde slo ØIF Arendal Stord heile 31-17 på bortebane . Laget har vunne fire av fem kampar etter nyttår, og er berre fem poeng bak bronse - med ein kamp mindre spelt.

– Må vinne

– I toppidrettssamanheng kan ein aldri kvile, og skal vi kunne slå oss på brystet og seie at vi har teke steget opp blant dei beste i eliteserien, må vi slå Haugaland onsdag kveld, skriv Paulsen.

– For det er slik at ein må kunne prestere gjentekne gonger, og ein må gjere det veke etter veke. Det er det som kjenneteiknar eit topplag, legg han til.

Haugaland ligg under nedrykksstreken på tabellen. Det gjer at Paulsen fryktar laget i onsdagens kamp.

Favorittar

– Dei kjempar med nebb og klør for å kapre kvalifiseringsplassen, og moglegheita til å spele om fornya eliteserieplass. Det blir vanskeleg å seie at vi ikkje er favorittar, plasseringa på tabellen fortel oss at vi er det, skriv han i spalta.

– Som vi har lært, ingen kampar i toppdivisjonen er avgjort før det er spelt 60 minutt. Og dette ein litt i konsentrasjon og innsats, får ein tilbake i trynet. Vi skal vise at vi har teke eit steg i riktig retning, skriv 20-åringen.

Med siger vil ØIF Arendal ta eit langt steg mot sluttspelplass.

Terminliste ØIF Arendal 09/10

Terminliste ØIF Arendal 09/10

1. ØIF Arendal - Sandefjord

27-24

2. Elverum - ØIF Arendal

30-17

3. ØIF Arendal - Follo

23-21

4. Bodø HK - ØIF Arendal

32-27

5. ØIF Arendal - Stord

27-30

6. Haugaland - ØIF Arendal

22-29

7. ØIF Arendal - Drammen

30-31

8. Fyllingen - ØIF Arendal

35-21

9. ØIF Arendal - Bækkelaget

32-26

10. ØIF Arendal - Elverum

32-32

11. ØIF Arendal - Runar

27-29

12. Sandefjord - ØIF Arendal

23-24

13. Haslum HK - ØIF Arendal

26-29

14. Follo - ØIF Arendal

30-22

15. ØIF Arendal - Bodø HK

32-29

16. Stord - ØIF Arendal

17-31-

17. ØIF Arendal - Haugaland

29-26

18. Drammen - ØIF Arendal

37-27

19. ØIF Arendal - Fyllingen

35-29

20. Bækkelaget - ØIF Arendal

32-26

21. ØIF Arendal - Haslum

31-30

22. Runar - ØIF Arendal

19-25