Hopp til innhold

ØIF-legende gir seg

ØIF Arendal-spelar Andre Jørgensen Hofstøl har bestemt seg for å legge opp etter denne sesongen. No fredar klubben bakspelaren sitt nummer.

Andre Jørgensen Hofstøl

Andre Jørgensen Hofstøl jublar for seriegull med ØIF Arendal.

Foto: Sander Heggheim/NRK

– Det er situasjonen på heimebane og kor mykje tid handballen tek som gjer at eg gir meg. Så fann eg ut at det ikkje fins betre tidspunkt å gi seg på enn med seriegull og eit cupmeisterskap i lomma. Timinga var perfekt, seier han til NRK.

Andre Jørgensen Hofstøl, ØIF Arendal

Andre Jørgensen Hofstøl har vore ein viktig spelar for ØIF Arendal.

Foto: Sander Heggheim/NRK

Jørgensen Hofstøl legg ei innhaldsrik handballkarriere bak seg. Han har spelt over 100 landskampar for Norge. I tillegg fekk han proffdraumen oppfylt.

Levde ut proffdraumen

36-åringen starta utanlandskarriera i spanske C.D. Bidasoa der han var i tre sesongar. Seinare gjekk turen til Aalborg der han var i tre sesongar.

Jørgensen Hofstøl var i danske GOG Svendborg TGI i ein sesong. Då klubben vart slått konkurs signerte han for ØIF Arendal.

Der fekk han oppleve å vinne både serie og cup denne sesongen.

– Det betyr veldig mykje for meg. Det var jo det eg drøymde om då eg flytta heim frå utlandet. Å vinne noko med ØIF har motivert meg og var målsettinga då eg kom heim, seier han.

Men det er ein landskamp han dreg fram som sitt høgdepunkt i karriera. Han vart kåra til banas beste spelar i ein VM-kamp mot Danmark i Tyskland.

Per Carsten Michelsen, ØIF Arendal

Sportsleg leiar i ØIF Per Carsten Michelsen.

Foto: Liv Eva Welhaven Løchen/NRK

– Vi spelte føre 10 000 tilskodarar der halvparten var nordmenn. Eg spelte ein god kamp. Det er nok høgdepunktet, seier han.

Fredar draktnummeret

ØIF Arendal har bestemt seg for å frede draktnummer 33 når Jørgensen Hofstøl no gir seg.

– Andre er ei legende og nummer 33 vil for all tid vere freda. Eg er ikkje sikker på at vi hadde vore der vi er i dag utan han. Han er mykje viktigare for laget enn mange kanskje vil tru, seier sportsleg leiar Per Carsten Michelsen til NRK.

Jørgensen Hofstøl vil bli heidra på eit arrangement med klubben fredag kveld. Han utelukkar ikkje at han vender tilbake til ØIF i ei anna rolle seinare.

– I første omgang gir eg meg heilt. Men når hausten kjem får vi sjå kva det blir til, seier han.

Siste nytt fra NRK Sørlandet

null
Spiller nå
NRK Forklarer: Baneheia-saken 01:05
Neste

Økonomistatus

Strømpris i dag

Inkludert avgifter

Billigst kl. 14 1,31 kr
Dyrest kl. 08 1,56 kr

Strømkostnader nå

  • Steke pizza 0,6 kr 25 min.
  • Dusje 5,7 kr 10 min. / 100 liter vann
  • Vaske klær 0,7 kr En vask
  • Varmeovn 1,4 kr 1000w, en time

Styringsrenta i prosent

Høyere styringsrente betyr økte utgifter dersom en har boliglån

Økte matpriser

Hvor mye matprisene har økt det siste året, sammenlighet med lønnsutvikling

  • Matvarer Mars 2023 – mars 2024
    + 6,1 %
  • Lønnsutvikling Anslag for 2024
    + 4,9 %