Hopp til innhold

ØIF knuste serieleiaren

ØIF Arendal leika seg mot FyllingenBergen då dei slo vestlendingane 29-20 heime i Sør Amfi.

Kaptein Eirik Heia Pedersen vart toppscorar for heimelaget med sju mål.

Kaptein Eirik Heia Pedersen vart toppscorar for heimelaget med sju mål.

Foto: Knut Knudsen Eigeland / NRK

Til pause leia nemleg sørlendingane heile 14-7 og hadde full kontroll.

Også i andre omgang var det heimelaget i raudt og svart som køyrde kampen. Fem minutt før slutt leia ØIF med ti mål på laget som berre stod med eitt tap før kampen mot arendalittane.

– Ein utruleg kamp

Leif Gautestad

Ein særs nøgd ØIF-trenar Leif Gautestad under ein time-out i kampen mot FyllingenBergen.

Foto: Knut Knudsen Eigeland / NRK

– Vi spelar ein utruleg god forsvarskamp. I tillegg viser vi at vi har ei fin stigning i alt vi gjer offensivt. Når du slår Norges beste lag med ni må, så er jo ikkje det så verst, seier ein særs nøgd ØIF-trenar, Leif Gautestad til NRK.no.

Kaptein Eirik Heia Pedersen vart toppscorar for heimelaget med sju mål.

Heimesigeren fører ØIF Arendal opp på 4. plass på tabellen berre tre poeng bak FyllingenBergen som framleis toppar eliteserien.

– Det handlar om å gjere dei rette tinga å vere tru mot det du jobbar med. Vi var flinke til å ta vekk dei sterke punkta til Fyllingen og var eit betre lag, seier Gautestad.

– Eit godt utgangspunkt

Før sesongen sette klubben seg mål om å gjere sin beste sesong i eliteserien nokosinne. Det betyr medalje.

– Vi er med i kampen, men det er framleis langt fram. Vi er der oppe som vi hadde håpa å vere før sesongen. Vi har skaffa oss eit godt utgangspunkt føre resten av sesongen, seier han.

– Vi må sørgje for at vi har disiplin i alt vi gjer og halde fram med å jobbe hardt på alle treningar, slik at vi får sett laget og slik at kvar enkelt spelar blir betre, seier trenaren.

1557 tilskodarar såg kampen i Sør Amfi.

Siste nytt fra NRK Sørlandet

null
Spiller nå
Lett å få flyskrekk av dette - men det finnes råd 00:41
Neste

Økonomistatus

Strømpris i dag

Inkludert avgifter

Billigst kl. 14 1,6 kr
Dyrest kl. 18 1,95 kr

Strømkostnader nå

  • Steke pizza 0,6 kr 25 min.
  • Dusje 6,3 kr 10 min. / 100 liter vann
  • Vaske klær 0,8 kr En vask
  • Varmeovn 1,5 kr 1000w, en time

Styringsrenta i prosent

Høyere styringsrente betyr økte utgifter dersom en har boliglån

Økte matpriser

Hvor mye matprisene har økt det siste året, sammenlighet med lønnsutvikling

  • Matvarer Mars 2023 – mars 2024
    + 6,1 %
  • Lønnsutvikling Anslag for 2024
    + 4,9 %