– Det er kjempedeilig. Utruleg sinnsjukt deilig. Heilt vanvittig, seier Sondre Paulsen til NRK få minutt etter kampslutt.
Med tap mot Bækkelaget kunne arendalittane ha måtte spelt kvalifisering for å behalde plassen i eliteserien.
I serieavslutninga var Bækkelaget på besøk i Sør Amfi. Oslo-klubben hadde sikra bronsemedalje allereie før kampen, og hadde i praksis ingenting å spele for.
Slo tilbake mot kritikarane
Det var veteranane Andre Jørgensen Hofstøl og Svenn Erik Medhus som tok ansvar føre 1174 tilskodarar i Sør Amfi. Målvakt Medhus stengde buret, medan Jørgensen Hofstøl både scora og var sentral i angrepsspelet.
– Eg har tenkt så mykje på situasjonen klubben har vore i den siste tida. Eg har nesten hatt vondt i hovudet. Det er utruleg deilig å vise alle som ikkje har hatt trua på oss at vi faktisk kan, seier Paulsen.
Defensivt var svenske Kenny Ekman tilbake i storform etter ein sesong der ØIF ikkje har prestert etter forventningane.
– Tøft og krevjande
Asle Gran tok over trenaransvaret i klubben etter at Leif Gautestad fekk sparken i desember. Hans oppgåve var å redde klubben frå nedrykk.
– Det har vore tøft og krevjande. Det er spesielt krevjande når klubben har prestert dårleg og har plukka lite poeng. Faren for nedrykk og kvalifisering har vore der heile tida. Å klare sluttspel til slutt er vanvittig deilig, seier Gran til NRK.
– Kvar legg de lista i sluttspelet?
– Det veit eg ikkje enno. No skal eg feire dette, så får vi sjå etterkvart, seier han.
ØIF Arendal møter serietoar Elverum, Bodø og Bækkelaget i kvartfinalane. Dei to beste laga i gruppa går vidare til semifinale. I den andre gruppa skal Haslum, Fyllingen Bergen, Runar Sandefjord og Stord kjempe om to semifinaleplassar.