Arendalittane enda til slutt på 2. plass i pulje 1 og skal dermed møte Haslum i semifinalen.
Første kamp vert spelt i Sør Amfi torsdag i neste veke.
Kjempa seg tilbake
– Vi er utruleg glade og nøgde. Det var målsetninga å komme til semifinale. No har vi alle moglegheiter vidare, seier Paulsen til NRK.
Arendalittane fekk ein tøff start på puljespelet i sluttspelet. Laget tapte nemleg dei to første kampane, og det såg særs mørkt ut med tanke på avansement.
Men ØIF bretta opp ermane og kjempa seg tilbake med fire strake sigrar. Dei slo mellom andre seriemeister Elverum på bortebane.
– Vi sleit med forsvarsspelet og fekk justert dette. Vi har hatt godt forsvarsspel og gode målvakter dei fire siste kampane, seier landslagsspelaren.
Trur på finale
Paulsen har stor tru på at det er mogleg å slå Haslum over to kampar i semifinalen.
– Det vert ein tøff kamp. Dei er nok favorittar, men med full hall i Sør Amfi, god stemning og eit tent ØIF-lag, så trur eg vi skal gi dei skikkeleg kamp. Vi gler oss veldig, seier han.
Paulsen er klar på at målet no er å ta seg til finalen i sluttspelet, noko laget aldri har klart tidlegare.
– Når vi er i semifinale går vi alltid for finale. Det er ingen tvil om at det er dit vi vil, seier han.