NRK Meny
Normal

ØIF kan bli med i Meisterligaen

ØIF Arendal kan få bli med i Meisterligaen neste sesong, men er usikre på om dei vil takke ja dersom tilbodet kjem.

ØIF norgesmester

ØIF Arendal jubla for cupgull i desember i fjor. Neste sesong kan det bli deltaking i Meisterligaen.

Foto: Torstein Bøe / NTB scanpix

Årsaka er at klubben må gjere kostbare investeringar for å tilfredsstille krava frå det europeiske handballforbundet. Denne risikoen er klubben usikre på om dei vil ta.

Deltaking i den gjevaste europacupen stiller mellom anna strenge krav til golv, pressefasilitetar, LED-reklameskilt og anna infrastruktur.

– Det ville ha vore eit fantastisk eventyr for klubben, men vi må vere sikre på at økonomien går i balanse, seier dagleg leiar Rune Jakobsen til NRK.

Vert overvaka av forbundet

Fredag vart det kjent at klubben er under overvaking av handballforbundet på grunn av negativ eigenkapital.

Eigentleg har Norge berre ein plass i Meisterligaen. Denne plassen gjekk til Elverum som vann sluttspelet.

Men neste sesong vert Meisterligaen utvida med fleire lag. ØIF har no sendt søknad til det europeiske handballforbundet om å få vere med.

Barcelona vant Mesterligaen i håndball

Det var Barcelona som vann årets Meisterliga. Over 19 000 tilskodarar såg finalen i Köln.

Foto: PATRIK STOLLARZ / Afp

– Må ha økonomien på plass

– Vi må mellom anna betale eit depositum for å få delta. Vi jobbar med å skaffe oss oversikt over kostnadene knytt til deltaking i Meisterligaen, seier Jakobsen.

Kontrastane er store til fotballen der deltaking i Meisterligaen er ei gullgruve for klubbane.

Per Carsten Michelsen, ØIF Arendal

Per Carsten Michelsen.

Foto: Liv Eva Welhaven Løchen/NRK

– Vi ynskjer sjølvsagt å vere med på høgste nivå. Vi har ambisjonar som klubb og det er der vi vil vere. Men vi må ha økonomien på plass, seier Jakobsen.

– Eit kjempesteg

Sportsleg leiar Per Carsten Michelsen meiner det vil vere eit løft for klubben å delta i Meisterligaen.

– Det er heilt klart eit kjempesteg og veldig spennande. Dette er noko alle spelarar drøymer om, sjølv om pengane ikkje er like store i handball som i fotball, seier han.

– Vi har mange spelarar som vil vise seg fram. Det hadde vore eit viktig steg for våre spelarar og Arendal by å få eit lag i Meisterligaen, seier Michelsen.