– Eg veit faen ikkje kva som skjer. Folk sluttar å gå på mål fullstendig. Eg er utruleg skuffa over dei siste 20 minutta. Eg blir litt redd når seg ser folk som trenar kvar dag og trur at ein skal vinne på denne måten, seier ØIF-trenar Marinko Kurtovic til NRK.
Dersom vi tek med avslutninga på fjorårets serie har ØIF vunne sine 13 siste seriekampar.
På førehand var det ingenting tilsa at ØIF skulle få lett match om poenga mot nyopprykka Kolstad. Og slik vart det heller ikkje.
Trøndarane har imponert stort så langt og låg på 3. plass på tabellen før kampen mot den regjerande seriemeisteren.
Fekk direkte raudt kort
Det tok faktisk nesten seks minutt før nokon av laga fekk ballen i mål, og målscoraren var ikkje kven som helst. ØIF-keeper Svenn Erik Medhus redda eit Kolstad-skot. Medhus titta opp og såg at keeperkollegaen i den andre enden stod i samtalar med støtteapparatet sitt. Dermed var det «berre» å lempe ballen i mål.
Før det rakk Kolstad-spelar Mishels Liaba å pådra seg direkte raudt kort etter ein duell med ØIF-spelar Josip Vidovic.
Etter utvisninga tok arendalittane tak i kampen og rasa ifrå trondeimsklubben. Til pause stod det 14-9 til heimelaget.
Tok innpå
I andre omgang heldt serieleiaren fram med å kontrollere kampen og såg ut til å ta ein komfortabel siger.
Men trøndarane gav seg ikkje og knappa innpå. Med 39 sekund att på klokka var laget berre eitt mål bak. Men ØIF vann ballen i siste angrep og scora på påfølgjande angrep. Laget vann til slutt 24-22.
– Framover er det pinleg i andre omgang. Det gjer meg djupt sjokkert at vi blir så feige på bana, seier Kurtovic.
– Vi må heim å sjå oss i spegelen. Framover er det pinleg i andre omgang, seier han.
Mykje takka vere keeper Svenn Erik Medhus som hadde ei rekkje avgjerande redningar.
Nesten 1500 tilskodarar såg eliteserieoppgjeret i Sør Amfi.