NRK Meny
Normal

ØIF har heng på teten

ØIF Arendal tok sitt første poeng i Nordstrandhallen mot Bækkelaget/Norstrand nokosinne.

Andre Jørgensen Hofstøl, ØIF Arendal

Andre Jørgensen Hofstøl vart toppscorar for ØIF mot BSK/NIF.

Foto: Sander Heggheim/NRK

Kampen enda uavgjort 22-22 mot Oslo-klubben laurdag ettermiddag. Det betyr at laget ligg på 5. plass på tabellen med tre poeng opp til serieleiar Fyllingen.

ØIF Arendal har to kampar mindre spelt enn bergensarane.

André Jørgensen Hofstøl vart toppscorar for sørlendingane med seks mål.