– Dette er det deiligaste tapet eg har vore med på nokon gong, seier ØIF-trenar Marinko Kurtovic.
ØIF tapte nemleg 24-25 borte mot Fyllingen i Bergen. Dermed var dei avhengig av hjelp frå Halden for å kunne feire gullet i dag.
Og det fekk dei, men det vart nokre spennande minutt rundt eit nettbrett i Framohallen.
Då sluttsignalet gjekk i Halden kunne ØIF-spelarane feire eit velfortjent gull.
Fekk hjelp frå Halden
Halden heldt nemleg gullrival Haslum til uavgjort 28-28.
– Dette var spennande og ei ny oppleving. Det er vel første gong vi har fått hjelp av nokon andre før. Sinnsjukt deilig, seier Sondre Paulsen.
Det var ein deppa ØIF-gjeng som gjekk av bana etter tapet for Fyllingen, eit lag dei kun har slått ein gong på bortebane tidlegare.
Men då dei fekk høyre at Halden hadde Haslum i kne steig stemninga brått.
Medaljeutdeling på heimebane
Det stod uavgjort 14-14 til pause i Framohallen i Bergen. Tidleg i andre omgang gjekk ØIF opp i ei tremålsleiing, men bergensarane kjempa seg tilbake og vann altså til slutt.
No kan ØIF sjå fram til gullefeiring i siste serierunde når dei får besøk av Bodø i Sør Amfi onsdag.
– Der skal vi ferie på skikkeleg sørlandsvis, seier Paulsen.
Supportarklubben Svermen var sjølvsagt representert på tribunane under oppgjeret i Bergen.
50 mil med gullfeiring
Leiar Jørn Holmestrand og nestleiar Kari Sunde var høgt oppe etter klubbens andre gull på to år.
– Det var nokre forferdelege minutt, men desto betre når det gjekk vegen, seier Sunde.
– Korleis blir køyreturen heim no?
– Den blir fantastisk bra.
– Vi skal berre kose oss heile vegen til Arendal. 50 mil er ingenting. Det er vel verd turen, seier Holmestrand.