ØIF Arendal vann toppkampen til slutt 28-23. Dei to laga låg à poeng på toppen av tabellen før oppgjeret i Arendal.
Sigeren gjer at ØIF no leiar serien med to poeng føre Haslum.
Sigeren gjer også at ØIF tek Haslum på innbyrdes oppgjer dersom dei skulle stå med lik poengsum etter siste serierunde.
– Vi har sett oss sjølve i ein særs gunstig situasjon i serieinnspurten. Men eg er oppteken av å ta ein kamp av gongen, seier ØIF-trenar Marinko Kurtovic til NRK.
Kjempa seg inn igjen
Det betyr at bærumsklubben må ta tre poeng meir enn ØIF Arendal på dei fire siste kampane for å passere ØIF.
Samstundes vann Bodø sin kamp 30-24 mot Halden. Dermed ligg Bodø med lik poengsum som Haslum.
ØIF Arendal leverte ein sterk første omgang og leia 15-10 til pause. I andre omgang kjempa Haslum seg inn igjen i kampen.
– Det såg ei stund ut som at spelarane ville «safe» inn sigeren. Det går ikkje. Heldigvis fekk vi justert oss, seier Kurtovic.
ØIF scora berre to mål i løpet av dei 12 første minutta av andre omgang. Midtvegs var Haslum berre eitt mål bak.
Medhus stengde målet
Men ØIF Arendal klarte til slutt å dra sigeren i land med god margin.
Mykje takka vere keeper Svenn Erik Medhus, som stengde ØIF-buret dei ti siste minutta. Medhus kom til og med på scoringslista i første omgang.
– Svenn viser igjen at han er den beste keeperen i eliteserien. Han stod ein fantastisk kamp og leverer når det gjeld som mest. Det er fantastisk å ha han bak der. Det gjev tryggleik til heile laget, seier Kurtovic.
– Eg byrjar å få ein grei ballast med erfaring. Så er eg ein gammal mann snart. Eg får satse på at det er det som trer inn når det trengs, seier Medhus.
Berre 1350 tilskodarar såg kampen, som trenar Marinko Kurtovic utropte til «årets kamp» på førehand.