NRK Meny
Normal

ØIF får pengehjelp

Aust-Agder fylkeskommune gir 50 000 kroner til ØIF Arendal. Deltaking i europacupen er avgjerande.

ØIF Arendal

FÅR HJELP: ØIF Arendal får økonomisk hjelp frå Aust-Agder fylkeskommune. Politikarane peika på europacupdeltakinga som viktig for fylket. Terje Østerhus (4) og Adin Sehovic (12) skal til Slovenia i åttendelsfinalen i Challenge cup i februar. (Arkivfoto)

Foto: Sander Heggheim/NRK

Frå før har eliteserieklubben fått 100 000 kroner frå Aust-Agder fylkeskommune. Men klubben får no endå meir for å kunne klare dei store utgiftene.

ØIF Arendal er vidare til åttendelsfinalen i europacupen. Der møter dei eit slovensk lag i februar.

– Det er fantastisk at eit lag frå Aust-Agder kvalifiserer seg til ei slik internasjonal turnering. Difor er vi villige til å støtte klubben med 50 000 slik dei har søkt om, seier Øystein Haga frå Venstre til NRK.no.

ØIF Arendal ligg på 4. plass i serien.