NRK Meny
Normal

ØIF Arendal vann i elitedebuten

ØIF Arendal fekk ein pangstart i eliteserien.

Knut Martin Johnsen skyt i eliteseriedebuten til ØIF Arendal mot Sandefjord.

Knut Martin Johnsen fyrer laus.

Foto: Leif Hallgeir Dalen/NRK

Arendalslaget vann slo nemleg Sandefjord 27-24 heime i Nedeneshallen, og sikra seg to viktige poeng i eliteseriedebuten føre nesten 1000 tilskodarar.

Jamt

Kampen var jamn frå start til slutt. I første omgang følgde laga kvarandre tett heile vegen, og heimelaget gjekk til pause med 16-15.

I andre omgang tok ØIF Arendal kommandoen frå start, og fekk tidleg ei tomålsleiing. Men Sandefjord slo tilbake og utlikna til 20-20 med 13 minutt att å spele.

Viktig poeng

Derifrå og ut hadde heimelaget kontroll, og kunne sleppe jubelen laus for siger og to poeng føre ein fullsett hall.

– Eg er sjølvsagt kjempenøgd. Det var utruleg bra til å vere den første eliteseriekampen vår, seier trenar Leif Gautestad til NRK Sørlandet.

– Sandefjord er nok eit lag som vil slite på nedre halvdel av tabellen, så det nivået meistra vi bra. Men vi vil nok møte langt tøffare motstand utover i sesongen. Det er klart det blir tøffare utover, men det er utruleg viktig med ein god start, seier han.

Neste kamp for ØIF Arendal er borte mot Elverum 30. september.

Terminliste ØIF Arendal 09/10

Terminliste ØIF Arendal 09/10

1. ØIF Arendal - Sandefjord

27-24

2. Elverum - ØIF Arendal

30-17

3. ØIF Arendal - Follo

23-21

4. Bodø HK - ØIF Arendal

32-27

5. ØIF Arendal - Stord

27-30

6. Haugaland - ØIF Arendal

22-29

7. ØIF Arendal - Drammen

30-31

8. Fyllingen - ØIF Arendal

35-21

9. ØIF Arendal - Bækkelaget

32-26

10. ØIF Arendal - Elverum

32-32

11. ØIF Arendal - Runar

27-29

12. Sandefjord - ØIF Arendal

23-24

13. Haslum HK - ØIF Arendal

26-29

14. Follo - ØIF Arendal

30-22

15. ØIF Arendal - Bodø HK

32-29

16. Stord - ØIF Arendal

17-31-

17. ØIF Arendal - Haugaland

29-26

18. Drammen - ØIF Arendal

37-27

19. ØIF Arendal - Fyllingen

35-29

20. Bækkelaget - ØIF Arendal

32-26

21. ØIF Arendal - Haslum

31-30

22. Runar - ØIF Arendal

19-25