ØIF Arendal sikra fjerdeplassen

Med siger over bronselaget Runar i siste serierunde, sikra ØIF Arendal 4. plass i debutsesongen i eliteserien i handball. Det held til plass i europacupen.

Leif Gautestad, ØIF Arendal

STOLT: Trenar Leif Gautestad er stolt over det laget har prestert denne sesongen. ØIF Arendal enda på 4. plass i debutsesongen i eliteserien i handball.

Foto: Sander Heggheim/NRK

ØIF Arendal vann siste serierunde 25-19 borte mot Runar. To nye poeng gjorde at laget klatra til fjerdeplass, sidan Follo tapte borteoppgjeret mot Bækkelaget. Dermed enda arendalittane på 4. plass i debutsesongen i eliteserien - kun eitt poeng bak bronsen. Laget har kun tapt tre kampar etter jul.

– Det er nesten for godt til å vere sant. Det er heilt fantastisk, seier ein stolt trenar, Leif Gautestad.

LES OGSÅ: Handball-ekspert: - veldig sterkt | Landslagssjefen imponert

Europacup

Han er imponert over kva det unge ØIF-mannskapet har fått til denne sesongen. 4. plass er truleg godt nok til europacup kommande sesong.

– Eg er utruleg stolt av gutane. Vi jobbar langsiktig, og europacup allereie neste sesong er to sesongar for tidleg. No må vi få fortgang i utbyggjingsplanane når det gjeld ny hall, seier Gautestad.

Over 100 arendalittar hadde teke turen til Tønsberg for å støtte laget i årets siste seriekamp.

– Den støtta vi har på tribuna er berre heilt fantastisk, seier Gautestad.

Laget var klar for kvartfinale i sluttspelet allereie før siste serierunde. Gautestad drøymer om suksess også der.

Store ambisjonar

– Vi har ambisjonar om å spele store kampar også i mai, seier Gautestad og siktar til at finalen i sluttspelt går i mai. Kvarfinalane går 21. og 25. april.

Veteranane Kjetil Øygarden og Preben Vildalen gjer seg etter denne sesongen. Det same gjer Erlend Egeland som flyttar på grunn av studiar.

– Dei er nesten umogleg å erstatte. Men vi må nok ut på marknaden å få inn ein eller to spelarar, som kan forsterke laget, seier Gautestad som er oppteken av å behalde ein lokal profil i laget.

Nedrykk for KIF

Kristiansand gjekk på sitt 18. tap i 1. divisjon, då laget tapte 34-26 mot Kragerø laurdag. Laget enda dermed på sisteplass og må ta den tunge turen ned igjen i 2. divisjon. Anders Neuhaus vart toppscorar med ni mål og har hatt ein kjempesesong i KIF-trøya. No vil Gautestad ha dansken til Nedeneshallen på prøvespel.

– Per dags dato er han ikkje god nok for eliteserien, men han kan kanskje bli det. Vi må gå i dialog med han, så får vi sjå. Det er nok ingen andre på KIF, som er aktuelle for oss, seier han.

Gautestad tykkjer det er trist at KIF igjen må ned i 2. divisjon.

– Det er viktig å ha KIF oppe. Eg håpar på lokaloppgjer mellom KIF og ØIF Arendal i eliteserien, men dessverre ser det ut til å liggje litt fram i tid, seier Gautestad.

Terminliste ØIF Arendal 09/10

Terminliste ØIF Arendal 09/10

1. ØIF Arendal - Sandefjord

27-24

2. Elverum - ØIF Arendal

30-17

3. ØIF Arendal - Follo

23-21

4. Bodø HK - ØIF Arendal

32-27

5. ØIF Arendal - Stord

27-30

6. Haugaland - ØIF Arendal

22-29

7. ØIF Arendal - Drammen

30-31

8. Fyllingen - ØIF Arendal

35-21

9. ØIF Arendal - Bækkelaget

32-26

10. ØIF Arendal - Elverum

32-32

11. ØIF Arendal - Runar

27-29

12. Sandefjord - ØIF Arendal

23-24

13. Haslum HK - ØIF Arendal

26-29

14. Follo - ØIF Arendal

30-22

15. ØIF Arendal - Bodø HK

32-29

16. Stord - ØIF Arendal

17-31-

17. ØIF Arendal - Haugaland

29-26

18. Drammen - ØIF Arendal

37-27

19. ØIF Arendal - Fyllingen

35-29

20. Bækkelaget - ØIF Arendal

32-26

21. ØIF Arendal - Haslum

31-30

22. Runar - ØIF Arendal

19-25