NRK Meny
Normal

ØIF Arendal debuterer i eliteserien

Nyopprykka ØIF Arendal spelar sin første kamp i eliteserien i kveld. Motstandar er Sandefjord heime i Nedeneshallen.

Video nsps_upload_2009_9_25_19_5_31_2546.jpg

Leif Gautestad, ØIF Arendal

Trenar Leif Gautestad har tru på eige mannskap.

Foto: Sander Heggheim/NRK

– Det trur eg blir veldig bra. Det blir full fart og masse menneske i hallen. Det er ein historisk kamp, seier den tidlegare landslagsstreken Preben Vildalen til NRK Sørlandet.

Spent trenar

Trenar Leif Gautestad trur laget skal bite godt ifrå seg i årets eliteserie.

– Eg er veldig spent, og gler meg utruleg mykje. Det er ein skrekkblanda fryd som pregar oss akkurat no, seier han.

– Viss vi endar opp midt på tabellen gjer vi ein veldig god prestasjon, seier han.

Innholdet som skulle vises her støttes dessverre ikke lenger.

Trur på ØIF Arendal

NRK sin handballkommentator, Unni Anisdahl, har stor tru på Gautestad sitt mannskap i årets eliteserie.

– Eg trur dei kjem til å klare seg greit. Ligg dei midt på tabellen skal dei vere nøgde. Kjem dei blant topp fem er det bonus, seier ho.

– Økonomien avgjerande

Tradisjonelt får nyopprykka lag eit tøft møte med eliteserien.

– Dei fleste laga som rykkjer opp, rykkjer ned same sesong. Men eg har ein god følelse for ØIF Arendal. Dei har forsterka laget med nokre spelarar. Dei andre laga har ikkje forsterka så mykje. I tillegg har ØIF Arendal økonomien på plass, og entusiasme i nærmiljøet. Det er utruleg viktig når ein debuterer i eliten, seier Anisdahl.

Preben Vildalen

Veteran Preben Vildalen blir viktig med sin rutine, trur NRK sin handballkommentator, Unni Anisdahl.

Foto: Sander Heggheim/NRK

Veteran Preben Vildalen kan bli særs viktig for laget i eliteserien trur Anisdahl.

– Han kan bety mykje for eit litt urutinert lag, seier ho.

Draumen som brast

Tildlegare i år jobba klubben intenst med å forsterke laget med landslagsstreken Frank Løke. Men Løke valde istaden å halde fram karriera i utlandet, og droppa ØIF Arendal i denne omgang. Han kan ha betydd skilnad på medalje, og ikkje-medalje, trur NRK-kommentatoren.

– Det er det ikkje mykje tvil om. Frank Løke hadde scora mellom 10 og 13 mål i kvar kamp i norske eliteserie. Men eg trur likevel dei kjem til å spenne godt ifrå seg, og eg trur ØIF Arendal kjem til å få oppleve mange morosamme stunder i Nedeneshallen.

Kampen mot Sandefjord startar klokka 18 laurdag kveld.

Terminliste ØIF Arendal 09/10

Terminliste ØIF Arendal 09/10

1. ØIF Arendal - Sandefjord

27-24

2. Elverum - ØIF Arendal

30-17

3. ØIF Arendal - Follo

23-21

4. Bodø HK - ØIF Arendal

32-27

5. ØIF Arendal - Stord

27-30

6. Haugaland - ØIF Arendal

22-29

7. ØIF Arendal - Drammen

30-31

8. Fyllingen - ØIF Arendal

35-21

9. ØIF Arendal - Bækkelaget

32-26

10. ØIF Arendal - Elverum

32-32

11. ØIF Arendal - Runar

27-29

12. Sandefjord - ØIF Arendal

23-24

13. Haslum HK - ØIF Arendal

26-29

14. Follo - ØIF Arendal

30-22

15. ØIF Arendal - Bodø HK

32-29

16. Stord - ØIF Arendal

17-31-

17. ØIF Arendal - Haugaland

29-26

18. Drammen - ØIF Arendal

37-27

19. ØIF Arendal - Fyllingen

35-29

20. Bækkelaget - ØIF Arendal

32-26

21. ØIF Arendal - Haslum

31-30

22. Runar - ØIF Arendal

19-25