Hopp til innhold

Nytt tap for Vipers Kristiansand

Sørlendigane gjekk på sitt andre strake serietap då Tertnes vart for sterke i Karusshallen.

Thomas Hørlyk, Vipers Kristiansand

TAP: Trenar Thomas Hørlyk måtte innsjå at laget hans tapte mot Tertnes.

Foto: Sander Heggheim/NRK

Sørlendingane fekk ein god start på kampen og leia på det meste med fem mål tre minutt før pause. Bergensarane fekk ei redusering på tampen og laga gjekk dermed til pause på stillinga 11-7 til heimelaget.

I andre omgang løfta Tertnes seg og snudde kampen i løpet av ti minutt.

Ti minutt før slutt hadde dei opparbeidd seg ei leiing på fire mål, som heldt ut kampen. Sluttresultatet vart 25-22 til Tertnes.

Dermed har ikkje Vipers Kristiansand vunne ein seriekamp sidan serieopninga mot Gjøvik 15. september. Etter det har det blitt ein uavgjort og to tap i serien.

Klubben er klar for kvartfinale i cupen der dei møter Stabæk 24. oktober.

null
Spiller nå
Lett å få flyskrekk av dette - men det finnes råd 00:41
Neste

Økonomistatus

Strømpris i dag

Inkludert avgifter

Billigst kl. 04 1,61 kr
Dyrest kl. 07 3,12 kr

Strømkostnader nå

  • Steke pizza 0,6 kr 25 min.
  • Dusje 6,3 kr 10 min. / 100 liter vann
  • Vaske klær 0,8 kr En vask
  • Varmeovn 1,5 kr 1000w, en time

Styringsrenta i prosent

Høyere styringsrente betyr økte utgifter dersom en har boliglån

Økte matpriser

Hvor mye matprisene har økt det siste året, sammenlighet med lønnsutvikling

  • Matvarer Mars 2023 – mars 2024
    + 6,1 %
  • Lønnsutvikling Anslag for 2024
    + 4,9 %