Hopp til innhold

ØIF med sitt tiande tap: – Blir ein kamp for å overleve i eliteserien

(ØIF ARENDAL - HASLUM 23-30): ØIF Arendal klarte neppe å imponere sin nye trenar då laget tapte mot Haslum i eliteserien i handball. No meiner Sondre Paulsen at serieinnspurten blir ein kamp for å overleve i eliteserien.

Nytt tap for ØIF Arendal

Erlend Mamelund (t.v.) og Haslum vart for sterke for Einar Hrafnsson og ØIF Arendal.

Foto: Sander Heggheim / NRK

Marinko Kurtovic, ØIF Arendal

Marinko Kurtovic vart presentert som ny trenar i pausen.

Foto: Sander Heggheim/NRK

Asle Gran, ØIF Arendal

Asle Gran skal trene ØIF Arendal ut sesongen.

Foto: Sander Heggheim/NRK
– Det blir ein kamp om å overleve. Vi tenkjer ikkje på om vi skal komme til sluttspelet eller å bli nummer fem, seier Paulsen til NRK.

– Vi tenkjer at vi skal halde oss. Då må vi vinne kampane som er viktige for oss. Det blir mot Falk, Nøtterøy og Follo. Dei kampane vert frykteleg avgjerande, seier kantspelaren.

Ny trenar på tribuna

ØIF tapte til slutt 23-30 mot Haslum som toppar tabellen etter sigeren i Sør Amfi søndag kveld.

I pausen i oppgjeret skreiv Marinko Kurtovic under for sørlendingane. Trenaren tek over ØIF-skuta etter denne sesongen. Prestasjonane mot Haslum imponerte neppe den nye sjefen.

– Vi gjer for mange tekniske feil og rotar det til for oss sjølve, seier Eirik Heia Pedersen.

ØIF Arendal hang greit med i første omgang og låg under 12-15. Etter pause sleit laget med å handtere mellom andre landslagsspelar Erlend Mamelund, som etterkvart kunne cruise inn til siger.

– Må forstå alvoret

Asle Gran tok over som trenar i klubben etter at Leif Gautestad fekk sparken i desember. Også han er klar på at fokuset ut sesongen vert å berge plassen i eliteserien.

– Vi må gjere vår jobb og ta poeng. Viss ikkje rykkjer vi ned. Det er jobben vår og målet vårt at ØIF spelar i eliteserien neste år. Vi skal overleve. Vi må stikke fingeren i jorda og forstå alvoret, så enkelt er det, seier Gran til NRK.

ØIF Arendal ligg på 9. plass på tabellen med sju kampar att. Avstanden opp til 8. plass som gjer plass i sluttspelet er på eitt poeng.

Avstanden ned til kvalifiseringsplass er også eitt poeng.

Onsdag møter ØIF Arendal Fyllingen Bergen på bortebane. 23. februar er Bodø motstandar i Sør Amfi.

ØIF Arendal, time-out

Trenar Asle Gran og ØIF Arendal makta ikkje å tukte Haslum.

Foto: Sander Heggheim/NRK

Siste nytt fra NRK Sørlandet

null
Spiller nå
Lett å få flyskrekk av dette - men det finnes råd 00:41
Neste

Økonomistatus

Strømpris i dag

Inkludert avgifter

Billigst kl. 04 1,61 kr
Dyrest kl. 07 3,12 kr

Strømkostnader nå

  • Steke pizza 0,7 kr 25 min.
  • Dusje 6,5 kr 10 min. / 100 liter vann
  • Vaske klær 0,8 kr En vask
  • Varmeovn 1,6 kr 1000w, en time

Styringsrenta i prosent

Høyere styringsrente betyr økte utgifter dersom en har boliglån

Økte matpriser

Hvor mye matprisene har økt det siste året, sammenlighet med lønnsutvikling

  • Matvarer Mars 2023 – mars 2024
    + 6,1 %
  • Lønnsutvikling Anslag for 2024
    + 4,9 %