Hopp til innhold

Nytt sprengingsuhell i Tvedestrand

I april i år vart huset til Steinar Hauglid pepra av stein eit eit sprengingsuhell på Solfjelltomta i Tvedestrand, no har det skjedd på nytt.

Sprengning

Fleire tusen kubikk med stein vart sprengt i april i år. Då vart huset til Steinar Hauglid pepra med småstein.

Foto: Jan Jørg Tomstad / NRK

Heldigvis er det «kun» ein mindre stein som har slått gjennom taket på huset til Steinar Hauglid denne gang.

LES OGSÅ: Sprengningsuhell i Tvedestrand
LES OGSÅ: - Fulgte sikkerhetsrutinene

– Slik kan skje

Pål Arne Haugsjå i firmaet beklagar at det har skjedd eit nytt sprengingsuhell i området.

– Dette var eit mindre uhell, der nokon få steinar som truleg låg oppå mattene kom ut av kontroll. Uhellet er veldig kjedeleg, men det er slikt som kan skje, seier Haugsjå til Tvedestrandsposten.

Ingenting har skjedd

Episoden skjedde for tre veker sidan, men dei ansvarlege har endå ikkje utbetra skaden.

– Eg ventar at dei ansvarlege hos Knut Haugsjå AS ryddar opp når det nok ein gang har skjedd ei sprengingsulukke som har påført huset mitt skade, seier Hauglid til Tvedestrandsposten.

– Fordel med tett tak

– Eg fekk beskjed om at dei skulle få fagfolk til å sjå på skaden, men så langt har ingenting skjedd. I mellomtida har det vore mykje regn, og då er det som kjent fordel å ha tett tak, seier han.

Knut Haugsjå AS er no ferdig med sprenging på Solfjell. Det er endå ikkje klart om nokon blir tiltalt for uaktsomhet i samband med ulukka i april. Direktoratet for samfunnssikkerhet og beredskap har reagert på at sprengingsstaden kun vart dekka med ein stor duk, og ikkje tynge skytematter for å dempe steinspruten.

Siste nytt fra NRK Sørlandet

null
Spiller nå
NRK Forklarer: Baneheia-saken 01:05
Neste

Økonomistatus

Strømpris i dag

Inkludert avgifter

Billigst kl. 14 1,05 kr
Dyrest kl. 21 1,56 kr

Strømkostnader nå

  • Steke pizza 0,6 kr 25 min.
  • Dusje 6 kr 10 min. / 100 liter vann
  • Vaske klær 0,7 kr En vask
  • Varmeovn 1,5 kr 1000w, en time

Styringsrenta i prosent

Høyere styringsrente betyr økte utgifter dersom en har boliglån

Økte matpriser

Hvor mye matprisene har økt det siste året, sammenlighet med lønnsutvikling

  • Matvarer Mars 2023 – mars 2024
    + 6,1 %
  • Lønnsutvikling Anslag for 2024
    + 4,9 %