– Eg håpar på å få gå sprint og jaktstart. Vi har fem plassar der, så eg satsar på det, seier han.
Birkeland gjekk siste etappe for det norske laget, men hadde ei umogleg oppgåve. Norge låg over to minutt bak Tyskland som var i tet, då Birkeland la ut på si etappe.
Men sørlendingen gjorde sine saker bra. På første skyting måtte han riktignok bruke to ekstraskot, utan at han tapte nemneverdig til teten.
God helg for Birkeland
På siste skyting leverte han ein sterk serie med fullt hus i høgt tempo. Dermed følgde han opp innsatsen på sprinten laurdag der han vart beste nordmann på 5. plass.
Berre få minutt etter målgang kom nyheita om at Birkeland er teken ut på det norske VM-laget.
Det er førebels ikkje kjent kva distansar han eventuelt skal gå.
Det var Russland som gjekk til topps i stafetten. Tyskland vart nummer to, medan Austerrike vart nummer tre.
Olsbu: – Det var digg
Også Marte Olsbu frå Froland er teken ut til VM i finske Kontiolahti, som startar 5. mars.
– Eg vart veldig glad. VM har vore målet i år. Det var digg å få beskjeden, seier Olsbu til NRK.
– Har du følt deg trygg på ein plass?
– Etter nokre gode løp tidlegare i sesongen følte eg kanskje at eg kom til å få bli med, seier ho.
Olsbu leverte ein sterk førsteetappe på stafetten søndag.
– Det gjekk kjempebra. Det var godt å vise at eg kan. I laurdagens løp vart det for mykje bom, seier ho.