Nytt naudnett kan koste sjukehuset dyrt

Sørlandet sykehus kan bli påført store ekstrautgifter på grunn av at det nye naudnettet ikkje blir klart før tidlegast til hausten. Sjukehuset vil ikkje betale.

Sykehusene på Sørlandet kan bli påført betydelige merkostnader fordi nødnettsamarbeidet blir utsatt med ett år. Ny opplæring av nøkkelpersonell kan koste mye.

Sjå reportasje om naudnettet.

Geir Bøhler

Klinikksjef Geir Bøhler.

Foto: Leif Dalen / NRK
Dagfinn Sjøvik

Dagfinn Sjøvik er prosjektleiar i Direktoratet for naudkommunikasjon.

Foto: Per-Kåre Sandbakk/NRKK

Ekstrakostnadene er knytt til at sjukehuset må køyre nye opplæringsrunde på personell som skal bruke det.

– Vi reknar med at det ikkje held med opplæringsrunden vi hadde i fjor haust. Det betyr ein betydeleg meirkostnad, seier klinikksjef ved Sørlandet sykehus Geir Bøhler til NRK.

– Kor mykje?

– Det vanskeleg å seie. Men vi snakkar nok om hundre tusen kroner. I den storleiken, seier han.

Teknisk feil

Det er mellom anna ambulansemedarbeidarar og dei som jobbar på akuttmottaka som må lærast opp igjen.

Det nye naudnettet til seks milliardar kroner skulle ha stått klart i løpet av året. Men på grunn av store feil i programvara vert utbygginga forseinka på Sørlandet, i Vestfold og Telemark.

Det nye nettet vert ikkje landsdekkande før tidlegast ved utangen av året.

– Vi er i god dialog med leverandøren som er på sporet av årsaka. Vi ventar ei rask løysing, seier prosjektleiar i Direktoratet for naudkommunikasjon, Dagfinn Sjøvik.

Nødnett radioer

Nytt naudnett krev nytt utstyr og opplæring.

Foto: Lars Tore Endresen

Vil ikkje ta rekninga

Klinikksjefen meiner det er feil at sjukehuset skal betale for ei ny opplæringsrunde.

– Det tykkjer eg at dei som held på å innføre norsk naudnett bør betale, seier Bøhler.

Det er Helsedirektoratet og Direktoratet for naudkommunikasjon han siktar til. No vil Bøhler ha dialog med Helse Sør Aust for å unngå at sjukehuset, som allereie er pressa økonomisk, må betale.

– Dette vil kunne bidra til ei ytterlegare forverring av vårt resultat, seier han.

– Vi må først vite når det vert innført slik at vi får planlagt dette. Vi må halde ein kontinuerleg dialog med dei om kven som skal betale rekninga, seier klinikksjefen.

Trøbbel på opningsdagen

I oktober i fjor inviterte naudetatane til pressekonferanse for å markere opninga på det nye naudnettet på Agder.

Der kom det fram at ein teknisk feil gjorde at kun politi og brannkorps kunne ta i bruk det nye nettet.

– Dei er på eit system vi ikkje har tilgang til. Det skapar nokre utfordringar. For oss fungerer det som det alltid har gjort. Folk får hjelp og vi kommuniserer med ambulansane. Men det er noko med samhandlinga i kombinerte aksjonar som hadde blitt betre med det nye naudnettet, seier Bøhler.