Hopp til innhold

Ny E39 kunne enda i grushaug - no snur Nye Veier

Vegselskapet Nye Veier sette bygging av ny E39 mellom Mandal og Lyngdal på vent. No skal vegprosjektet realiserast.

Ny E39

Her ville ny E39 ha stoppa dersom det ikkje hadde blitt noko bygging av ny veg mellom Mandal og Lyngdal.

Foto: Mathias Hamre / NRK

Det skriv selskapet i ei pressemelding.

– Det er viktig å komme i gang for å betre trafikksikkerheita på denne strekninga, seier adm. direktør Anette Aanesland.

Nye Veier deler no bygginga av den 25 kilometer lange strekninga i to, som gjer at dei kan halde fram bygging.

Det er frå Mandal og vestover som no skal byggast. Det er framleis uvisst når den siste halvdelen skal byggast.

NRK har vore i kontakt med ordførarane i både Lyngdal og Lindesnes som uttrykker stor lette og glede over at prosjektet no blir sett i gang igjen.

Vart sett på vent

I mai vart vegprosjektet sett på vent på ubestemt tid på grunn av dramatisk prisauke, som følgje av situasjonen med krig, drivstoffprisar og straumprisar.

– Vi ser no at prisane har byrja å stabilisere seg. Vi har litt betre oversikt. Så deler vi strekninga i to, slik at vi får eit litt mindre og ikkje så kostbart prosjekt, seier kommunikasjonsdirektør Christian Altman i Nye Veier.

Ny veg mellom Kristiansand og Mandal står snart klar.

Dersom bygging av vegen frå Mandal og vidare vestover hadde blitt skrinlagt, ville den nye vegen frå Kristiansand stoppa i ein grushaug.

Gravemaskiner Agder, ny E39 i Lindesnes

Gravemaskiner står parkert på området der det skal byggast ny E39. Snart kan dei vere i drift igjen.

Foto: Siv Kristin Sællmann / NRK

Siste halvparten i det blå

Utsetting av prosjektet skapte sterke reaksjonar i Agder.

– Å utsetje strekninga frå Mandal til Lyngdal er rett og slett ikkje akseptabelt. Utbygging av motorveg sparar liv. Det veit vi, sa Torstein Salvesen leiar i Nullvisjon i Agder, som jobbar med haldningsskapande arbeid for alle trafikantar.

Men no blir første halvparten av strekninga bygd. Samstundes er det uklart når heile strekninga står klar med fire splitter nye felt.

– Den andre delen blir sett på vent. Så jobbar vi med å forsøke å lage ein tidsplan for når den skal komme ut i marknaden. Det er vanskeleg å seie noko om tidsperspektivet. Det er vrient å love noko rundt dette, seier Altmann.

Les også Planlagt motorvei på vent: – For dyrt, sier Nye Veier

Ny E39

null
Spiller nå
Lett å få flyskrekk av dette - men det finnes råd 00:41
Neste

Økonomistatus

Strømpris i dag

Inkludert avgifter

Billigst kl. 04 1,61 kr
Dyrest kl. 07 3,12 kr

Strømkostnader nå

  • Steke pizza 0,6 kr 25 min.
  • Dusje 6,3 kr 10 min. / 100 liter vann
  • Vaske klær 0,8 kr En vask
  • Varmeovn 1,5 kr 1000w, en time

Styringsrenta i prosent

Høyere styringsrente betyr økte utgifter dersom en har boliglån

Økte matpriser

Hvor mye matprisene har økt det siste året, sammenlighet med lønnsutvikling

  • Matvarer Mars 2023 – mars 2024
    + 6,1 %
  • Lønnsutvikling Anslag for 2024
    + 4,9 %