NRK Meny
Normal

Ny Start-trenar kan få all makt

Start vil ha Knut Tørum sin erstattar på plass innan 17. juli. No opnar administrerande direktør Sveinung Hovstad for at den nye trenaren får styre kjøp og sal av spelarar sjølv.

Avni Pepa og Espen Børufsen

NY TRENAR: Espen Børufsen og Avni Pepa kan få ny trenar i løpet av neste veke. No opnar klubbleiinga for at den nye trenaren også får ansvar får kjøp og sal av spelarar. (Arkivfoto)

Foto: Andersen, Aleksander / SCANPIX

Video Sveinung Hovstad

TRENARJAKT: Administrerande direktør Sveinung Hovstad jaktar ny Start-trenar. (Arkivfoto)

Foto: Nyhetsspiller
Frode Fredriksen

MIDLERTIDIG? Frode Fredriksen har leia laget etter at Knut Tørum sa opp. Fredriksen kan også bli permanent trenar i klubben. (Arkivfoto)

Foto: Schrøder, Tor Erik / Scanpix
Nils Arne Eggen

NY TRENAR? Nils Arne Eggen har blitt nemnt som eit alternativ til ny Start-trenar. (Arkivfoto)

Foto: Kallestad, Gorm / Scanpix

Dermed kan Start gå for den same modellen som Molde og Viking har gjort. Etter at Egil Østenstad trekte seg for ein månad sidan fekk trenar Åge Hareide ansvaret både på treningsfeltet og hovudansvaret for kjøp og sal av spelarar. Det same ansvaret har Molde-trenar Ole Gunnar Solskjær.

Utan sportssjef

– Det Molde har gjort, den europeiske modellen, fremjer ein ekstra finansieringsmodell. Slik vert det ikkje hos oss. Men uansett vil den nye trenaren som vert tilsett får mykje ansvar og stor medbestemmelse, seier Hovstad til Fædrelandsvennen.

– Så kjem det an på kva trenaren sjølv ynskjer. Nokon ynskjer å kun vere på treningsfeltet, medan andre vil ha meir innflytelse, seier han.

Etter at Svein Mathisen døydde i januar i år, har Start stått utan ein sportssjef. Knut Tørum bar delar av denne jobben på sine skuldre til han sa opp trenarjobben for kort tid sidan.

Frode Fredriksen har hatt trenaransvaret i klubben sidan Tørum sa opp. I eit intervju med NRK.no tidlegare sa Sveinung Hovstad at Fredriksen kan vere ein av kandidatane til å ta over trenarjobben. Det kan og bli aktuelt at Fredriksen leiar klubben ut sesongen, medan leiinga jaktar ein ny permanent trenar.

Nils Arne Eggen?

– Ja, det er heilt klart eit alternativ, men vi diskuterer andre løysingar også, og det er Frode Fredriksen veldig innforstått med, sa Hovstad til NRK.no.

Den siste tida har fleire trenarnamn svirra på Sørlandet. Ei oversikt Fædrelandsvennen presenterte onsdag innheldt namn som Nils Arne Eggen, Tom Nordlie, Steinar Nilsen og Mons Ivar Mjelde.

Klubben er i full gang med å finne Tørum sin erstattar, og håpar altså å ha avklara trenarsituasjonen før haustsesongen tek til.