Ny pers for Benedicte Hauge
Benedicte Hauge frå Kristiansand sette personleg rekord på 400 meter med 53,13 i forsøket i EM. Det gav fjerdeplass, og beste tid av dei som ikkje kom blant dei tre beste i sine heat. Hauge er dermed klar for semifinalen i morgon.