Det betyr at regjeringa held det dei har lova. Samferdsleminister Ketil Solvik-Olsen lova i april at han ville framskunde bygginga av den nye vegen.
Varaordførar i Arendal, Anders Kylland.
Foto: Svein Sundsdal / NRKOrdførar i Tvedestrand, Jan Dukene.
Foto: Håkon EliassenOrdførar i Valle, Tarald Myrum.
Foto: Svein SundsdalNeste år skal det drivast førebuande arbeid, som innber skogshogst og klargjering av anleggsstader.
I gang med planlegging
– Det er som venta og det er i tråd med det regjeringa har sagt tidlegare. Vi er veldig glad for at dei følgjer det opp i budsjettet, seier varaordførar i Arendal, Anders Kylland (Frp) til NRK.
– Eg var aldri i tvil. Samferdsleministeren har vore så tydeleg, og denne strekninga har vore høgt prioritert, seier Kylland.
Dermed kan entreprenørane som skal byggje sjølve vegen starte i 2016.
– Ein gledens dag
For tida pågår det arkeologiske undersøkingar ved Krøgenes, som ein del av førebuingane.
– Dette er eg veldig godt nøgd med. No skjer det og no er det i statsbudsjettet. Det er meir enn ord og løfter. Slik sett er det ein gledens dag, seier ordførar i Tvedestrand, Jan Dukene til NRK.
Trass i at samferdsleministeren var tydeleg på at vegen var høgt prioritert, var ikkje Dukene sikker på byggestart i 2016.
– Ein er aldri heilt sikker. Ein ting er kva dei seier, og ein annan ting er kva dei leverer. No leverer dei, og det er veldig bra, seier Dukene.
Det er også sett av pengar til planlegging av ny E39 mellom Søgne og Ålgård.
25 millionar til riksveg 9
Regjeringa bevilgar 25 millionar kroner til utbygging av riksveg 9 i Setesdal.
Anleggverksemda har no stoppa i dalen, og regionrådet har bede om 25 millionar kroner for å komme i gang att neste år.
Det har regjeringa funne rom til i sitt forslag til statsbudsjett.
Det er strekninga Sandsnes - Harstadberg sør for Valle sentrum, som no står for tur på riksveg 9. Arkeologiske undersøkingar pågår no.
Ny Varoddbru
Regjeringa føresler også å gi pengar til førebuande arbeid for å byggje ny Varoddbru på E18 i Kristiansand. Målet er å komme i gang med arbeidet så raskt som råd.
Det er også sett av pengar til planlegging av ein ny ytre ringveg rundt Kristiansand.
Det er sett av pengar til ny Varoddbru i regjeringa sitt forslag til statsbudsjett.
Foto: Sundsdal, Svein / Svein Sundsdal/NRK