Hopp til innhold

Ny arbeidsulykke i Dyreparken

Ein tilsett i Dyreparken er frakta til sjukehus etter å ha fått straum i seg etter ei arbeidsulykke med ein karusell.

Ulykke Dyreparken

Søndag fekk ein tilsett i Dyreparken straum i seg i samband med arbeid i karusellen «Dreggen».

Foto: Sigbjørn Kristiansen / NRK

Ulykka skal ha skjedd i 13-tida søndag opplyser konsernsjef i Dyreparken, Reidar Fuglestad.

Reidar Fuglestad

Konsernsjef i Dyreparken Reidar Fuglestad.

Foto: Sigbjørn Kristiansen / NRK

– Ein sesongarbeidar har fått straum i seg ved betjening av karusellen «Dreggen» i forbindelse med at ein stol var låst og publikum skulle ut. Ho har fått straum i kroppen, og er rutinemessig blitt henta av ambulanse og sendt til sjukehus for undersøkingar og observasjon.

Ifølgje Fuglestad var ikkje ulykka alvorleg, men den kvinnlege tilsette skal vere under observasjon på sjukehuset i tolv timar etter hendinga.

Ulykka skjedde i parkens opningstider. Gjestane vart evakuert ut av området då ambulansen tok med seg den skadde.

Det var Fædrelandsvennen som først omtalte saka.

Ulykkene uavhengige av kvarandre

Arbeidsulykka er den andre i Kristiansand dyrepark i løpet av to dagar. Laurdag omkom ein 22 år gammal sesongarbeidar etter at ein grill eksploderte.

Årsaka til ulykka er førebels ikkje kjent.

Fuglestad påpeiker at dei to hendingane er uavhengige av kvarandre.

Det var ingen teikn til feil ved attraksjonen «Dreggen» då den vart kontrollert før parkens opningstider søndag.

– Vi har rutinar på at attraksjonen sjekkast og får ein teknisk gjennomgang kvar dag før klokka 10. Vi har no stengt attraksjonen i påvente av ein teknisk gjennomgang på måndag.

Arbeidstilsynet er varsla om hendinga og vil følgje dette opp på måndag, opplyser Fuglestad.

– I sjokk

– Vi er i dag ein organisasjon i sjokk etter gårsdagens hendingar, og å sjå ein ambulanse i parken i dag igjen var vanskeleg for mange. Men heldigvis er dette av ein heilt annan karakter enn det som skjedde i går, seier Fuglestad.

Tilstanden til jenta er førebels ukjent.

– Ho var ved bevisstheit då ho drog frå parken, men vi veit ikkje noko meir om tilstanden hennar.

Parken arbeidar no med å oppklare kva som skal ha skjedd.

Intervjue med konsernsjef i Dyreparken Reidar Fuglestad

Ivaretek dei tilsette

Fuglestad seier dei tilsette i parken blir tekne godt vare på etter dei to ulykkene.

– Vi held dei tilsette løpande informert så godt vi kan og har dialog med alle. Vi har eit opplegg for dei som treng å prate med nokon, og vi føler at vi ivaretek dei tilsette så godt som mogleg, seier Fuglestad, og legg til at slike hendingar gjer inntrykk på alle i parken.

– Vi er i ein anspent tilstand då vi vanlegvis ikkje har arbeidsuhell i det heile teke, så dette er sjølvsagt veldig krevjande for oss. Med den alvorlegheitsgrada som var i går, så er dette tøff behandling.

Siste nytt fra NRK Sørlandet

null
Spiller nå
Lett å få flyskrekk av dette - men det finnes råd 00:41
Neste

Økonomistatus

Strømpris i dag

Inkludert avgifter

Billigst kl. 15 1,62 kr
Dyrest kl. 08 2,15 kr

Strømkostnader nå

  • Steke pizza 0,6 kr 25 min.
  • Dusje 6,3 kr 10 min. / 100 liter vann
  • Vaske klær 0,8 kr En vask
  • Varmeovn 1,6 kr 1000w, en time

Styringsrenta i prosent

Høyere styringsrente betyr økte utgifter dersom en har boliglån

Økte matpriser

Hvor mye matprisene har økt det siste året, sammenlighet med lønnsutvikling

  • Matvarer Mars 2023 – mars 2024
    + 6,1 %
  • Lønnsutvikling Anslag for 2024
    + 4,9 %