Hopp til innhold

NTG vil finne talent på Sørlandet

Norges Toppidrettsgymnas Bærum vil starte både ungdomsskole og vidaregåande skule i Kristiansand frå hausten 2017.

Fotball

NTG vil i første omgang tilby fotball, handball, padling og roing.

Foto: NRK

Toppidrettssjef Torleif Gunhildrud ved NTG Bærum seier dei har god erfaring med å byrje toppsatsing allereie i 7. klasse.

– Det er veldig populært. I fjor hadde vi 210 søkjarar på 60 plassar. Det viser at det er ein marknad for det, og at folk ønskjer å kome tidleg i gang med kyndig rettleiing.

Bård Borgersen

Utviklingsleiar i Start, Bård Borgersen, trur NTG kan hjelpe til med å ta idretten vidare på Sørlandet.

Foto: Nesvold, Jon Olav / NTB scanpix

Fysiske testar i opptakskrav

Opptakskrava for 7.klassingar vil basere seg på fysiske testar.

– Vi prøvar å teste alt frå uthald, hurtigheit, spenst, koordinasjon, bevelegheit og å sjå korleis dei fungerer i grupper og liknande. For kvar enkelt idrett dei søkjer på så har vi trenarar frå gymnaset som ser på, og nokre frå forbundet og eliteserieklubben som kan vere med å plukke ut dei med ferdigheiter.

Løpet på vidaregåande skule er mykje likt den offentlege skulen, men tilleggsdimensjonen er toppidrett, seier Gunhildrud.

– Dei kan også her ta utvida matematikk, kjemi og fysikk. I tillegg har vi faget toppidrett, vi har også då moglegheit til å kunne trene to økter om dagen. Gjerne med dei same trenarane som dei har i klubb, når det kjem til fotball og handball.

– Avhengige av at klubbane er med

Utviklingsleiar Bård Borgersen i Start, som blir ein av samarbeidspartnarane for NTG, trur eit skuletilbod heilt ned til 7. klasse blir spanande.

– Eg trur idretten kan takast vidare, og NTG er ein aktør som er spanande i det øyemed. Vi har vore positive til ein søknadsprosess for å få NTG på Sørlandet.

I tillegg til fotball og handball vil NTG satse på kajakk og padling, seier toppidrettssjef Gunhildrud.

– Det er difor vi ønskjer å gå vidare med det, og sjå om vi kan få til eit godt opplegg saman. Vi er avhengige av at klubbane er med oss, og at vi kan drive trening forhåpentlegvis saman med trenar både morgon og kveld.

Siste nytt fra NRK Sørlandet

null
Spiller nå
NRK Forklarer: Baneheia-saken 01:05
Neste

Økonomistatus

Strømpris i dag

Inkludert avgifter

Billigst kl. 23 1,52 kr
Dyrest kl. 07 2,82 kr

Strømkostnader nå

  • Steke pizza 0,6 kr 25 min.
  • Dusje 6,2 kr 10 min. / 100 liter vann
  • Vaske klær 0,8 kr En vask
  • Varmeovn 1,5 kr 1000w, en time

Styringsrenta i prosent

Høyere styringsrente betyr økte utgifter dersom en har boliglån

Økte matpriser

Hvor mye matprisene har økt det siste året, sammenlighet med lønnsutvikling

  • Matvarer Mars 2023 – mars 2024
    + 6,1 %
  • Lønnsutvikling Anslag for 2024
    + 4,9 %