Hopp til innhold

NRK-vikar dømd for milliontjuveri

Ein tidlegare tilkallingsvikar i NRK er dømd til sju månaders fengsel for tjuveri av fotoutstyr til over ein million kroner.

NRK Marienlyst, Oslo

Ein mann er dømd til fengsel for tjuveri av fotoutstyr frå NRKs utstyrslager på Marienlyst i Oslo.

Foto: Ekroll, Anne Liv / NRK

I perioden 2013 til mai i fjor stal mannen TV-produksjonsutstyr til over 800 000 kroner frå NRK.

Mannen jobba som tilkallingsvikar i NRK Sørlandet i ein kort periode.

Ved fleire høve lurte 28-åringen resepsjonsvakta til NRK på Marienlyst i Oslo til å tru at han hadde eit ærend på utstyrslageret på Marienlyst.

Gjekk med NRK-klede

Mannen stal også utstyr frå NRKs lokalkontor i Kristiansand for fleire titals tusen kroner.

Sørlendingen hadde på seg NRK-klede og hadde også med seg eit utdatert adgangskort då han kom seg inn på lageret.

– Vi har stramma inn sikkerheitsrutinane i etterkant av dette, seier sikkerheitssjef i NRK, Reid Downie.

I 2013 lånte han også utstyr hos TV2 til 330 000 kroner. Mannen returnerte ikkje utstyret til TV-kanalen.

Mannen stal både kamera, linser, lys- og teknisk utstyr.

Selde utstyr

Tre gonger selde han også utstyr, som han tidlegare hadde stole, til privatpersonar.

Aftenposten skreiv i fjor at politiet fann til saman 49 gjenstandar under ei ransaking heime hos mannen.

Aust-Agder tingrett

Mannen er i Aust-Agder tingrett dømd til sju månaders fengsel.

Foto: NRK

Mange av gjenstandane var merka med NRK eller TV2. På ei anna adresse vart det funne ytterlegare ti gjenstandar, skreiv avisa.

Mannen er i Aust-Agder tingrett dømd til sju månaders fengsel. To av månadene er betinga med ei prøvetid på to år.

– Han er nøgd med dommen

Den tidlegare NRK-vikaren tilstod alt i tingretten.

Mannen må også betale erstatning på over 130 000 kroner til personane han selde det stolne utstyret til.

NRK har vore i kontakt med 28-åringen, som henviser til sin advokat Ole Joakim Devold.

– Dommen var som forventa. Første inntrykk eg fekk er at han er nøgd, men han beklagar sjølvsagt sterkt det han har gjort, seier Devold.

null
Spiller nå
Lett å få flyskrekk av dette - men det finnes råd 00:41
Neste

Økonomistatus

Strømpris i dag

Inkludert avgifter

Billigst kl. 15 1,62 kr
Dyrest kl. 08 2,15 kr

Strømkostnader nå

  • Steke pizza 0,7 kr 25 min.
  • Dusje 6,4 kr 10 min. / 100 liter vann
  • Vaske klær 0,8 kr En vask
  • Varmeovn 1,6 kr 1000w, en time

Styringsrenta i prosent

Høyere styringsrente betyr økte utgifter dersom en har boliglån

Økte matpriser

Hvor mye matprisene har økt det siste året, sammenlighet med lønnsutvikling

  • Matvarer Mars 2023 – mars 2024
    + 6,1 %
  • Lønnsutvikling Anslag for 2024
    + 4,9 %