NRK Meny
Normal

NOV skrinlegg utbyggingsplanar

National Oilwell Varco skrinlegg planane om eit nytt hovudkvarteret på Støodden.

NOV-ledelsen

Administrerande direktør i NOV, Tor Henning Ramfjord og kommunikasjonsdirektør Dag Nordbø møtte i dag pressen for å opplyse om at de skrinlegger planane om utbygginga på Støodden.

Foto: NRK/Svein Sundsdal

Tor Henning Ramfjord

Administerende direktør, Tor Henning Ramfjord.

Foto: Svein Sundsdal / NRK

Det kom fram på eit pressemøte måndag føremiddag.

– Kristiansand kommune har gjennomført ein grundig og omfattande reguleringsprosess for området. Rammene i den planen som no er vedteke, dekker ikkje dei behova NOV har for eit nytt hovudkvarter. Dette respekterer vi, seier administrerande direktør i NOV Tor Henning Ramfjord i ei pressemelding.

– Difor har vi konkludert med at vi avsluttar arbeidet, seier han.

Ville ha 800 parkeringsplassar

Dei tilsette i NOV, utbyggjarane og Kristiansand kommune har blitt informert om avgjerda måndag.

Ei av årsakene til avgjerda er at NOV har behov for dobbelt så mange parkeringsplassar til sine tilsette, som reguleringsplanen gir rom for.

– Difor tek vi Støodden ut av våre framtidsplanar, seier Ramfjord.

Bedrifta søkte om å få 800 parkeringsplassar, men bystyret i Kristiansand sa nei til dette. Politikarane meiner at bedrifta må klare seg med 350 parkeringsplassar.

– Køyrer reint og ryddig

– Vi skal ikkje bruke makt fordi vi er store. Vi køyrer reint og ryddig, seier Ramfjord til NRK.

– Vi brukar ikkje kjøtvekt. Det er ikkje noko alternativ for oss, sjølv om vi sikkert kunne ha gjort det, seier kommunikasjonsdirektør Dag Nordbø i NOV.

NOV er Sørlandets største arbeidsplass. Planen var eit bygg med plass til 1700 tilsette på Støodden.