Festivalen har sendt ut brev til leverandørane sine om at dei ikkje kan vente seg betaling, skriv Avisen Agder.
I brevet går det fram at festivalen ikkje vil gjere opp for seg før den har fått oversikt over økonomien.
Det same skjedde i fjor, då festivalen etterkvart vart einige med leverandørane om å kun dekkje delar av det dei skulda. På grunn av dårlegare publikumsbesøk i år er det venta raude rekneskapstal.