Hopp til innhold

Norske studentar sit fast i Peru: – Verste er å ikkje vite kor lenge vi må vere her

14 studentar og to lærarar frå Bergen har fått portforbod i Peru. Ingen veit når dei får forlate landet.

Amalie Fjeld og Edel Kristin Haugland

KORONA-FAST: Amalie Fjeld (t.v.) og Edel Kristin Haugland må stort sett vere på hotellrommet i Peru. Nå håpar dei norske styresmakter kan hjelpe dei heim frå eit Peru i «fullstendig lockdown».

Foto: Skype

– Vi kjenner oss trygge, men skulle ønske vi kunne ha vore heime. Det er det å ikkje vite kor lenge vi må vere her, som er verst, seier Amalie Fjeld og Edel Kristin Haugland til NRK.

Studentane studerer interkulturell forståing ved NLA Høgskolen i Bergen, og er no på studietur i Peru. Gruppa var innom fleire byar og stader i Peru.

Så kom koronakrisa og no kjem dei seg ikkje heim igjen. I tillegg må halde seg på hotellrommet på strenge restriksjonar frå styresmaktene.

– Alle tek det med ro. Vi håpar styresmaktene kan hjelpe oss, seier Haugland.

Studentar sit fast i Peru på grunn av koronaviruset

FÅR TIDA TIL Å GÅ: Kortspel fungerer fint i isolasjon på eit hotellrom.

Foto: Martine Teigland

Portforbod

Studentane opplever eit strengt regime i Peru. Landet har innført portforbod på grunn av koronaviruset.

Det er berre heilt naudsynte ting som å handle eller gå til legen, som er lov, fortel studentane til NRK via Skype.

– Vi får lov til å gå å hente mat, men så må vi tilbake til rommet. Hotellet har fjerna alt av stolar og bord i fellesareala. Vi prøvde å sole oss, men fekk ikkje lov til å vere ute. Så vi sola oss gjennom vindauget på rommet.

– Er de redde for å bli sjuke?

– Ikkje akkurat no. Det er mange færre tilfelle i Peru. Det er under 100 smitta no, men det kan fort endre seg, seier Haugland.

Sit fast i Peru på grunn av koronaviruset

SOLAR SEG INNE: Studentane får ikkje lov til å vere ute. Dermed må dei nyte sola frå hotellrommet.

Foto: Edel Kristin Haugland

Engstelege foreldre

I heimlandet sit engstelege foreldre, som gjer det dei kan for å få borna sine heim. Eit av foreldrepara sit i Kristiansand.

– Vi er aller mest redde for at situasjonen tek av. At det kan oppstå mangel på mat, vatn og medisinar uroar oss også, seier Hans Hermansen, som er far til ei av dei som no er isolerte i Peru.

Han snakkar dagleg med dottera på Skype. Hermansen har kontakta alle politiske parti på Stortinget, statsministeren sitt kontor, UD og barne- og familieministeren.

Kjerstin Merethe Hermansen og Hans Hermansen

ENGSTELEGE: Kjerstin Merethe Hermansen og Hans Hermansen jobbar for å få dotter si heim til Noreg.

Foto: Frans Kjetså / NRK

Oppløftande beskjed

Studentane seier at dei har gjort det dei kan for å komme seg ut av landet på eiga hand.

Allereie førre fredag forsøkte dei å komme seg heim, men det var umogleg å få tak i flybillettar.

Men onsdag fekk dei ein oppløftande beskjed. Ifølgje studentane har nemleg styresmaktene i Peru vedteke ei ny lov, som seier at utanlandske statsborgarar kan hentast heim.

– Men førespurnaden må komme frå norske styresmakter. Vi kan ikkje organisere nokon tur ut sjølv, seier Haugland og Fjeld.

Studentar sit fast i Peru på grunn av koronaviruset

PÅ STUDIETUR: 14 studentar og to lærarar kjem seg ikkje heim frå Peru på grunn av koronaviruset. Peru har stengt alle grenser. No håpar studentane på hjelp frå Utanriksdepartementet.

Foto: Privat

I dialog med UD

Rektor ved NLA Høgskolen i Bergen, Egil Morland, seier at dei onsdag kveld er i dialog med Utanriksdepartementet (UD) og det norske konsulatet i Peru for å finne ei løysing.

NRK har vore i kontakt med Utanriksdepartementet. Dei seier at dei er kjend med at reisefølgjet på 16 sit fast i Peru.

– Vi er engasjert i situasjonen deira, og er i kontakt med andre land for å få ei oversikt over kva moglegheiter som finst, skriv UD i ein e-post til NRK, der dei elles viser til informasjon på nettsidene sine om kva nordmenn i utlandet har av moglegheiter.

Siste nytt fra NRK Sørlandet

null
Spiller nå
Lett å få flyskrekk av dette - men det finnes råd 00:41
Neste

Økonomistatus

Strømpris i dag

Inkludert avgifter

Billigst kl. 14 1,6 kr
Dyrest kl. 18 1,95 kr

Strømkostnader nå

  • Steke pizza 0,6 kr 25 min.
  • Dusje 6,3 kr 10 min. / 100 liter vann
  • Vaske klær 0,8 kr En vask
  • Varmeovn 1,6 kr 1000w, en time

Styringsrenta i prosent

Høyere styringsrente betyr økte utgifter dersom en har boliglån

Økte matpriser

Hvor mye matprisene har økt det siste året, sammenlighet med lønnsutvikling

  • Matvarer Mars 2023 – mars 2024
    + 6,1 %
  • Lønnsutvikling Anslag for 2024
    + 4,9 %