NRK Meny
Normal

Nordlie: – Skill toppfotballen frå breiddeidretten

NRKs fotballekspert Tom Nordlie meiner Start kan bli eit topplag i norsk fotball igjen, ved å skilje toppfotballen frå breiddeidretten.

Nordlie

Tom Nordlie meiner at Start bør organisere seg på ein annan måte enn i dag.

Foto: Johansen, Carina / NTB scanpix

– Eg trur det er ein føresetnad om ein skal vere eit topp fire- eller topp seks-lag i Norge, seier den tidlegare Start-trenaren.

Det har storma rundt Start etter at administrerande direktør Even Øgrey Brandsdal sa opp jobben.

Even Øgrey Brandsdal; IK Start

Even Øgrey Brandsdal på måndagens årsmøte i IK Start.

Foto: Sander Heggheim/NRK

Det vart temperatur på årsmøtet, der det kom fram at Start-kulturen var årsaka til oppseiinga. Det kom fram at Start-sjefen opplevde baksnakking, lite endringsvilje og negativitet.

Vil skilje topp og breidde

Underavdelingane i klubben, handballklubben, junioravdelinga og seniorklubben ville også ha styring på eigen økonomi.

I tillegg ville Seniorrådet opprette ei gruppe som styret skulle rådføre seg med i vanskelege saker.

Begge forslaga, som vart høvla ned på årsmøtet, var også medverkande til at Brandsdal trekte seg. Han opplevde det som mistillit.

– Det seier seg sjølv at når ein mamma eller pappa til eit barn på åtte år sit i hovudstyret, og skal vere med på å bestemme også når det gjeld toppfotballen, så blir det skjering i interessene, seier Nordlie.

– Kanskje har ein godt av å skilje det litt frå kvarandre, slik at begge kan drive med spisskompetanse på kvart sitt område.

Styreleder redegjør for Brandsdals oppsigelse.

Sjå styreleiar Geir Tønnesland gjere greie for kvifor Even Øgrey Brandsdal sa opp jobben som administrerande direktør.

Skal vurdere ny organisering

Ny organisering av klubben er også noko Brandsdal sjølv har teke til ordet for. I årsmøte fekk styret ja vurdere om dagens organisering er god nok.

Geir Tønnesland, IK Start (styreleiar)

Styreleiar i Start, Geir Tønnesland, skal sette ned ei gruppe for å sjå organiseringa i klubben.

Foto: Sander Heggheim/NRK

– Vi skal sette ned ei gruppe som skal jobbe med dette. Den skal sjå på korleis vi organiserer oss best for framtida, seier styreleiar Geir Tønnesland.

Nordlie meiner at Start må gjere det dei kan for å få Brandsdal til å halde fram i klubben.

– Forslaga som gjorde at han trekte seg, vart merkeleg nok trekt tilbake på årsmøtet. Det var «komikveld» og ein parodi. Dei må sette alle klutar til for å overtale Brandsdal til å halde fram.

Men det er uaktuelt, skal vi tru hovudpersonen sjølv.

– Den døra er lukka. Eg kjem ikkje til å halde fram i Start, seier Brandsdal.

Kalla Brandsdal naiv

Etter årsmøtet, der kulturen i Start altså var tema, kalla ordføraren i Seniorrådet Brandsdal naiv, som trekte seg blant anna på bakgrunn av forslaget frå rådet.

– Då har Brandsdal overreagert. Han kan ikkje vere så naiv, eg må bruke det ordet, å trekke seg på grunn av at han trur at Seniorrådet ville ha meir makt og styring, sa ordførar Borgar Haugland.

– Når vi nettopp har diskutert å gå i same retning og skape ein god kultur, så trur eg ikkje det er riktig betegnelse for å skape god grobotn for den kulturen vi ynskjer. Det fortel at vi har ein jobb å gjere, svara Brandsdal.

Borgar Haugland mener Brandsdal er naiv som trekker seg. Han mener at han burde skjønt at seniorrådet ikke er ute etter mer makt.

Ordførar i seniorrådet, Borgar Haugland, kalla Even Øgrey Brandsdal naiv etter årsmøtet.