Hopp til innhold

Nordlie i strupen på Ramsland: – Det dummaste eg har sett

Lillestrøm-trenar Tom Nordlie var irritert på Start-spissen Martin Ramsland etter 1-2 tapet i den første kvalifiseringskampen til eliteserien.

Sjå situasjonen der Tom Nordlie og Aron Sigurdarsson kranglar om straffesituasjonen.

– Der kjem skodespelaren, sa Tom Nordlie då han fekk auge på Start-spissen etter kampslutt.

Nordlie sitt Lillestrøm hadde akkurat tapt 1-2 i den første av to kvalifiseringskampar om retten til å spele i eliteserien neste sesong.

– Det er det dummaste eg har sett, Ramsland, heldt Nordlie fram.

– Då har du ikkje sett mykje. Tull, svara sørlendingen.

Start - Lillestrøm

Start slo Lillestrøm 2-1 i den første kvalifiseringskampen.

– Eg er forbanna

Situasjonen Nordlie reagerte på skjedde ni minutt ut i andre omgang. Lillestrøm leia 1-0 då Martin Ramsland gjekk i bakken innanfor 16-meteren.

Dommar Trygve Kjennsli peika på straffemerket. Straffa sette Aron Sigurdarsson sikkert i mål.

– Tom Nordlie har vore med i fotballen i mange år. Slik er gamet. Det er lov å vere bitter etter å ha tapt ein fotballkamp, sa Ramsland.

– Eg er ikkje bitter. Eg er forbanna, kontra Nordlie.

Men dommar Trygve Kjensli er ikkje einig med Lillestrøm-trenaren.

– Eg forstår straffa har vore diskutert, men den kan vi stå inne for. Lillestrøm-spelaren har to hender rundt han. Ramsland får ein vridning og straffa er klar i mine auge, seier Kjensli som også dømde sin siste kamp på toppnivå.

Slik kommenterer dommar Trygve Kjensli straffesituasjonen.

Snudde kampen

Straffescoringa snudde kampen for Start. Etter at Gustafsson sende bortelaget i leiinga midtvegs i andre omgang tok Start over spelet då Sigurdarsson utlikna til 1-1.

20 minutt seinare la same mann på til 2-1. Start hadde snudd kampen på heimebane.

Dermed er det Start som er i førarsete før returkampen på Åråsen onsdag i neste veke.

– Vi ligg under, men vi fekk eit bortemål. Kampen er ikkje i nærleiken av avgjort. Vi skal ta dette på Åråsen, seier Lillestrøm-spelar Thomas Lehne Olsen.

Det var ampert også før kampstart i Kristiansand laurdag. Fleire supporterar var involvert i ein slåstkamp i sentrum.

Fleire supporterar slåst før kvalifiseringskampen i Kristiansand laurdag.

Siste nytt fra NRK Sørlandet

null
Spiller nå
NRK Forklarer: Baneheia-saken 01:05
Neste

Økonomistatus

Strømpris i dag

Inkludert avgifter

Billigst kl. 14 1,31 kr
Dyrest kl. 08 1,56 kr

Strømkostnader nå

  • Steke pizza 0,6 kr 25 min.
  • Dusje 6,3 kr 10 min. / 100 liter vann
  • Vaske klær 0,8 kr En vask
  • Varmeovn 1,5 kr 1000w, en time

Styringsrenta i prosent

Høyere styringsrente betyr økte utgifter dersom en har boliglån

Økte matpriser

Hvor mye matprisene har økt det siste året, sammenlighet med lønnsutvikling

  • Matvarer Mars 2023 – mars 2024
    + 6,1 %
  • Lønnsutvikling Anslag for 2024
    + 4,9 %