Hopp til innhold

Mørk viste form berre dagar før VM: – Eg gler meg veldig

Nora Mørk leverte ein bra kamp då Vipers Kristiansand vann viktig meisterligakamp. No står handball-VM for tur.

Nora Mørk

GOD: Nora Mørk var ein av Vipers sine beste spelarar då dei slo Odense i meisterligaen.

Foto: Tor Erik Schrøder / NTB

Laster innhold, vennligst vent..

– Eg hadde ikkje trudd eg skulle vere supergira på VM eigentleg. Det er alltid gøy, men eg kjenner at eg gler meg veldig, seier Nora Mørk til NRK.

Nora Mørk har ei handballkarriere få kan matche.

På godt og vondt.

EM-sluttspillet håndball kvinner i Danmark 2020. Nora Mørk.
Ho har vunne alt som kan vinnast.
Det einaste ho manglar er OL-gull med landslaget.
Mørk skadet
Samstundes har ho vore gjennom ti kneoperasjonar etter alvorlege skader.

– Nærmar seg toppnivået

No er 30-åringen tilbake for fullt. Ho har blitt betre og betre utover hausten og har markert seg både på klubb- og landslag.

– Ho nærmar seg toppnivået sitt. Ho var litt rusten i byrjinga av sesongen, men har berre blitt betre og betre. Ho er ein massiv spelar for Noreg og blir ekstremt viktig i VM, seier NRKs handballekspert Peder Langfeldt.

Også landslagssjef Thorir Hergeirsson har sjølvsagt fått med seg utviklinga til Mørk.

– Nora har hatt ein lengre periode utan skader, heldigvis. Ho har hatt ein god heilhetlig situasjon i Vipers med nærleik til familie, samstundes som ho har spelt meisterliga i klubb med høge ambisjonar og gode medspelarar, trenarar og støtteapparat, seier han.

– Ho er og har alltid vore ein særs dedikert topputøvar som stiller krav til seg sjølv og alle rundt seg. Det pleier å gje utvikling og resultat over tid, seier landslagssjefen.

VIDEO: Sjå intervju med Nora Mørk.

Toppscorar, men...

Laurdag var Mørk igjen sentral då Vipers Kristiansand slo Odense 31–27 i meisterligaen.

Mørk vart toppscorar med sju mål, men var berre sånn passe nøgd med seg sjølv.

– Det var mange forsøk også, men eg er veldig nøgd med at vi vinn kampen, seier Mørk.

Sigeren gjer at Vipers klatra opp på 2.-plass i si gruppe.

– Det hadde eg kanskje ikkje trudd i starten av sesongen, men eg er veldig positivt overraska over at vi slår Odense to gonger på kort tid og tek med oss fire poeng. Det er absolutt veldig, veldig bra, seier Mørk.

Keeperveteran Katrine Lunde viste også gode VM-takter i sigeren mot Odense.

Etter ein svak første omgang varta ho opp med fleire fine redningar i andre omgang, og bidrog sterkt til at Vipers vann mot danskane.

Kampen var jamspelt heilt til det stod att eit kvarter. Då segla Vipers ifrå sakte, men sikkert. Ti minutt før slutt leia Vipers med fem mål.

Katrine Lunde, Vipers Kristiansand

Katrine Lunde får ei hand på ballen mot Odense.

Foto: Tor Erik Schrøder / NTB
Nora Mørk

Nora Mørk vart toppscorar for Vipers.

Foto: Tor Erik Schrøder / NTB
Vipers Kristiansand

Vipers-forsvaret stoppar ein Odense-spelar.

Foto: Tor Erik Schrøder / NTB
Vipers Kristiansand

Vipers-spelar Marketa Jerabkova kjem seg til avslutning.

Foto: Tor Erik Schrøder / NTB
Ole Gustav Gjekstad, Vipers Kristiansand

Vipers-trenar Ole Gustav Gjekstad.

Foto: Tor Erik Schrøder / NTB

Spania neste

No står VM for tur. Neste veke startar handballjentene oppkøyring til VM. Nederland, Sør-Korea og Russland skal bryne seg på dei norske jentene i Åsane Arena.

3. desember startar VM i Spania. Då spelar Noreg mot Kasakhstan. Dei skal også møte Iran og Romania i gruppespelet.

– Det skal bli veldig godt å sjå jentene på landslaget igjen. Eg har det veldig fint der og slappar godt av. Det blir veldig gøy, seier Mørk.

– Er gullsvolten til stades?

– Alltid.

Laster innhold, vennligst vent..

Siste nytt fra NRK Sørlandet

null
Spiller nå
NRK Forklarer: Baneheia-saken 01:05
Neste

Økonomistatus

Strømpris i dag

Inkludert avgifter

Billigst kl. 14 1,31 kr
Dyrest kl. 08 1,56 kr

Strømkostnader nå

  • Steke pizza 0,6 kr 25 min.
  • Dusje 6,2 kr 10 min. / 100 liter vann
  • Vaske klær 0,8 kr En vask
  • Varmeovn 1,5 kr 1000w, en time

Styringsrenta i prosent

Høyere styringsrente betyr økte utgifter dersom en har boliglån

Økte matpriser

Hvor mye matprisene har økt det siste året, sammenlighet med lønnsutvikling

  • Matvarer Mars 2023 – mars 2024
    + 6,1 %
  • Lønnsutvikling Anslag for 2024
    + 4,9 %