Nøgd trass EM-exit
Det vart ikkje EM-finale på 800 meter for Trine Mjaaland frå Kristiansand. Ho klarte ikkje å vere blant dei tre beste i sitt semifinaleheat, men var ikkje skuffa. – Eg er veldig nøgd. Det er sesongbeste og det beste løpet eg har hatt etter fødselen, seier ho.