Hopp til innhold

No vil sykkelkometen bli proff

Søndag imponerte han heile sykkel-Norge med å vinne siste etappe av Tour of Norway. No vil Andreas Vangstad (23) frå Kristiansand bli sykkelproff.

Andreas Vangstad

Andreas Vangstad jubla på sigerspallen etter at han sykla inn til siger på den siste etappen av Tour of Norway søndag.

Foto: Poppe, Cornelius / NTB scanpix

– Det er det eg har lyst til, sjølv om eg ikkje har snakka så mykje om det. Men eg treng vel eit par resultat til, så er eg der oppe. Det er det eg jagar etter og trenar for å bli, seier Vangstad til NRK.

Andreas Vangstad

Andreas Vangstad trilla over målstreken aleine.

Foto: Poppe, Cornelius / NTB scanpix

Etter løpet sa Alexander Kristoff at han har stor tru på at 23-åringen får oppleve profflivet.

– Det er fullt mogleg. Presterer han i fleire løp framover er det fullt mogleg at han er proff neste år, sa Kristoff.

Rykket var planlagt

Vangstad viste ryggen til fleire løparar i verdseliten då han sette inn eit rykk nokre kilometer før mål i søndagens siste etappe i Tour of Norway. Sørlendingen vedgår at han tok ein sjanse.

– Eg hadde planlagt å rykke utansett kor dårleg eg følte meg. Eg måtte berre gjere eit forsøk. Men eg følte meg igrunn bra heile dagen. Eg hadde krefter igjen, seier han.

Vangstad fortel om intense og spennande minutt inn mot mål.

– Eg prøvde å snu meg av og til for å sjå kor stor luka var. Eg forstod at eg hadde ei moglegheit, og det heldt inn. Ein etappesiger i dette selskapet er stort, seier han.

Det var eigentleg orienteringsløpar han skulle bli. Men ein skade gjorde at han heller valde sykkel. Han har berre tre år på sykkelsete til no.

– Eg har brukt dei tre åra fornuftig. Sidan eg byrja med sykkel så seint kan eg ikkje sløse med åra. Eg må gjere ting riktig kvar einaste dag for å ta igjen forspranget til dei andre, seier han.

Andreas Vangstad

Andreas Vangstad jublar etter målgang.

Foto: Poppe, Cornelius / NTB scanpix

Har filma NM-løypa

Vangstad står over Tour des Fjords og legg i staden inn tøffe treningsøkter inn mot NM i juni. Der satsar han hardt på tempo.

Måndag var han i Hamar der NM skal gå for å gjere seg kjend i løypene.

– Løypa skal filmast slik at eg kan studere den nøye. Då føler eg mentalt at eg kjenner løypa godt. Då er det lettare å legge opp løpet taktisk, seier han.

Sportssjef i Team Sparebanken Sør, Atle Kvålsvoll, sa til NRK søndag at Vangstad nyttar Google Maps for å kartlegge løypene han syklar.

– Eg trur ikkje det er så mange som gjer det. Men eg trur det er mykje å hente på å gjere det. Eg vert kjend med bakketoppar og svingar, som gjer at eg kan utnytt terrenget betre, seier 23-åringen.

Norske Andreas Vangstad (23) utklasset deler av verdenseliten og tok en overraskende seier i den siste etappen av Tour of Norway. Reporter: Morten Stenberg, foto: Vegard B. Lien.

Sjå intervju med Andreas Vangstad etter sigeren i Tour of Norway.

Atle Kvålsvoll angret ikke på at han likevel valgte å ha med Andreas Vangstad i Tour of Norway. Reporter: Morten Stenberg, foto: Vegard B. Lien.

Sjå intervju med sportssjef i Team Sparebanken Sør, Atle Kvålsvoll, etter sigeren i Tour of Norway.

null
Spiller nå
Lett å få flyskrekk av dette - men det finnes råd 00:41
Neste

Økonomistatus

Strømpris i dag

Inkludert avgifter

Billigst kl. 14 1,58 kr
Dyrest kl. 20 2,56 kr

Strømkostnader nå

  • Steke pizza 0,6 kr 25 min.
  • Dusje 6,3 kr 10 min. / 100 liter vann
  • Vaske klær 0,8 kr En vask
  • Varmeovn 1,6 kr 1000w, en time

Styringsrenta i prosent

Høyere styringsrente betyr økte utgifter dersom en har boliglån

Økte matpriser

Hvor mye matprisene har økt det siste året, sammenlighet med lønnsutvikling

  • Matvarer Mars 2023 – mars 2024
    + 6,1 %
  • Lønnsutvikling Anslag for 2024
    + 4,9 %