– Det er ingen veg utanom. Skal ein henge med i toppen av EM er kun det beste nok. Vi er i ein unik posisjon i år og har fått til eit slagkraftig driftsbudsjett, seier teamsjef Jørn Frode Larsen.
Går for tittelen
Målet for den kommande sesongen er å etablere seg i A-finalane. I 2012 er det den gjevaste tittelen som gjeld.
– Dei to siste sesongane har vore knalltøffe psykisk og økonomisk for både meg, teamet og samarbeidspartnarane. Eg treng tid til å få tilbake sjølvtilliten og komme tilbake heilt i toppen. Revansjelysta har aldri vore større, seier Ludvig Hunsbedt.
Årets EM går over 10 runder og startar i England 23. april. EM vert avslutta i Tsjekkia 2. oktober.
Til topps
I årets EM-runde skal ein også til Norge. EM-runden på Lånkebanen i Trøndelag vert landets største motorsport-arrangement i 2011.
Hunsbedt gjekk til topps i EM i 1993 og i 1997. I tillegg tok han sølv i 2008.