Hopp til innhold

No vert kunstisbana montert

Kunstisbana i Farsund skal opnast på laurdag.

Gunnar Fossland

JIPPI: Gunnar Fossland i aksjon under monteringa av den nye kunstisbana i Farsund.

Foto: Mari-Ann Albrektsen/NRK

– Nær draumen

Fleire frivillege er no i gang med å montere den 352 kvadratmeter store kunstisbana på torget i Farsund. Frivillege frå lag og organisasjonar er i full sving for å rekke opninga kommande laurdag.

– No er vi så nær draumen vi kan komme. Det har vore mange tankar rundt kunstisbane i Farsund gange lenge, men det er det siste året det verkeleg teke fatt, seier initiativtakar Gunnar Fossland til NRK Sørlandet.

Torsdag kveld er det samla fleire frivillege frå lag og organisasjonar i Farsund for å montere bana.

Gåver finansierte bana

– Bana skal vere bygd ferdig i kveld, så skal den vaskast og bonast i morgon. På laurdag dansar folk på skøyter i sola, smiler han.

Ei gåve på 200 000 kroner frå Alcoa Foundation , 120 000 kroner frå Norges Hocekyforbund og sponsorar gjorde det mogleg å byggje bana i Farsund. Planen er at bana skal stå ut februar.

– Etter det kan bana brukast kvar det måtte vere. Døme kan vere ballbingar, gymsalar der ein kan lage ulike konkurransar. Denne kan brukast heile året, seier Fossland.

Kunstisbane Farsund

KUNSTIS: Kunstisbana skal opnast kommane laurdag.

Foto: Mari-Ann Albrektsen/NRK

– Tek neppe på meg skøytene

Sjølv tek han neppe på seg skøytene under opninga på laurdag.

– Eg har to barn som går på skøyter, så eg skal sørge for at dei får varm kakao. Så skal eg støtte opp om folka her nede. Eg blir nok ingen stor skøyteløpar, seier han.

Fossland takkar det lokale næringslivet for at kunstisbana no er på plass.

– Dei stiller opp med gratis transport, reklame på vottane, lokale folk stiller opp til dugnad for gøy i pøsande regnver. Folk er positive, og dette er kjekt, seier han.

Siste nytt fra NRK Sørlandet

null
Spiller nå
NRK Forklarer: Baneheia-saken 01:05
Neste

Økonomistatus

Strømpris i dag

Inkludert avgifter

Billigst kl. 14 1,05 kr
Dyrest kl. 21 1,56 kr

Strømkostnader nå

  • Steke pizza 0,6 kr 25 min.
  • Dusje 6,3 kr 10 min. / 100 liter vann
  • Vaske klær 0,8 kr En vask
  • Varmeovn 1,5 kr 1000w, en time

Styringsrenta i prosent

Høyere styringsrente betyr økte utgifter dersom en har boliglån

Økte matpriser

Hvor mye matprisene har økt det siste året, sammenlighet med lønnsutvikling

  • Matvarer Mars 2023 – mars 2024
    + 6,1 %
  • Lønnsutvikling Anslag for 2024
    + 4,9 %