NRK Meny
Normal

No står verda for tur for supertalentet

Då han starta på universitetet satsa han alt på musikken utan ein plan B. No er han eit av dei mest lovande talenta i Norden.

Sondre Alvestad

STOR SUKSESS: 2015 var året musikkstudenten Sondre Alvestad verkeleg slo gjennom. – Det har vore eit år som har vore prega av mykje musikk, moglegheiter og spelejobbar.

Foto: Jonathan Vivaas Kise

Då Universal Norge høyrde ein remix laga av Sondre Alvestad, som går under artistnamnet Sonny Alven, blei dei så imponerte at dei gav han ei platekontrakt.

Etter dette har det berre gått ein veg for den 22 år gamle bergensaren som lagar musikk i House-sjangeren, og det er oppover.

Eit av dei største talenta i Norden

Sondre Alvestad

UNGT TALENT: 22 år gamle Sondre Alvestad frå Bergen har drive med elektronisk musikk i seks år. I februar gir han ut ein EP med fire nye låtar.

Foto: Ulrik Skage

Både Spotify og Nordic Playlist har trekt fram studenten ved Universitetet i Agder som eit av talenta ein må følgje ekstra godt med på i 2016.

På Spotify har han hatt over 14 millionar avspelingar, Pepsi Max har brukt musikken hans i ei reklame og han har lege vekevis på VG-lista med låten «Our Youth».

«Our Youth» er dessutan ei av dei aller mest populære låtane på norsk radio dei siste månadene.

– Å signere med Universal opna veldig mange dører for meg.

Saman med annerkjennelsen kjem også presset.

– Det er supergøy at folk har trua på musikken eg lagar, og det gjer at eg føler meir press for å levere bra musikk. Eg skal berre fortsetje å gjere det eg gjer.

Sondre Alvestad

POPULÆR: Sonny Alven på Vulkan Urena under H & M Loves Music.

Foto: Up Front Artists

– Supertalent

Trass presset meiner musikkekspertar at han leverer varene.

Musikkekspert og programleiar i NRK P3, Christine Dancke, omtalar Alvestad som eit supertalent som har utvikla seg i rekordfart.

– Viss han fortset slik han gjer no så har eg veldig trua på at Sonny Alven kan bli eit norsk namn på store internasjonale plakatar.

Dancke skryt av «Our Youth», og trur ikkje nordmenn kjem til å bli lei av radiofarsotta med det første.

– Den er euforisk, har superbra driv og er fengjande. Men samtidig er den ikkje så enerverande fengjande at ein blir lei av den, det er framleis hyggjeleg å høyre den. Det er ein veldig bra kvalitet ved poplåtar.

Skryt av UiA

For to år sidan var han ein av få som fekk plass på eit nytt musikkstudie ved UiA med laptop som hovudinstrument. Han skryt av linja.

– Det har vore veldig fint å bli kjent med andre bra folk som driv med både elektronisk og meir tradisjonell musikk. Det er bra miljø, tilgang på studio og ein kan jobbe saman med andre musikarar.

Men då han starta hadde han ingen plan B.

– Eg tenkte at eg skulle satse alt på musikken. Det viktigaste for meg har vore å kunne fokusere hundre prosent på musikk i løpet av desse tre åra, det har gitt meg veldig mykje. Eg hadde ingen backup-plan, det var eigentleg berre plan A. Og akkurat no går det jo fint.

Høyr Sonny Alven – Our Youth her: