No skal sjukehuset investere

Eit overskot på 124 millionar kroner gjer at Sørlandet sykehus skal bruke pengar på teknisk utstyr og pasienttryggleik.

Ny MR-maksin i Arendal

Den nye MR-maskina i Arendal er nyleg installert.

Foto: Sørlandet sykehus

Jan Roger Olsen

Jan Roger Olsen

Foto: Thomas Grønvold / NRK

Resultatet er langt betre enn venta, skriv sjukehuset i ei pressemelding.

– Det gode resultatet skuldast i stor grad midlar frå Helse Sør-Øst, ei reserve dei har hatt liggjande som no er fordelt til føretaka, seier sjukehusdirektør Jan Roger Olsen.

– I tillegg er det oppgjer for aktiviteten vi hadde i 2011, seier direktøren.

Ved sjukehuset i Arendal vart det nyleg innstallert ei ny MR-maksin. No ynskjer Olsen å bruke pengane på å byte ut den gamle MR-maksina.

– Med splitter to nye her, får alle pasientar den ypparste kvalitet på MR-undersøkjingane. I tillegg ynskjer vi å erstatte ei gammal CT-maskin i Kristiansand. Ei slik fornying innan radiologisk utstyr er særs viktig for å betre diagnostikken, seier Olsen.

Det er eit investeringsutval ved sjukehuset og til slutt styret som avgjer kva utstyr som skal kjøpast inn.