No skal Margunn spele 5. divisjon

Tidlegare landslagsspelar i fotball, Margunn Haugenes, er klar for 5. divisjon saman med herrelaget til arendalsklubben Sørfjell.

Margunn Haugenes i herregarderobe

Margunn Haugenes i garderoben saman med herrespelarane i Sørfjell.

Foto: Erik Wiig Andersen / NRK

I september fortalde NRK om at den tidlegare OL-vinnaren framleis spelar fotball.

44-åringen gjorde nemleg comeback i 6. divisjon for herrar.

– Det var opprykk som var målet heile tida. Vi hadde nokre cupkampar på slutten som vi måtte vinne, og det gjorde vi, seier Haugenes til NRK.

Beste kvinnelege

14 år etter OL-gullet i Sydney kunne altså Haugenes på nytt sleppe jubelen laus på nytt. Denne gongen for opprykk til 5. divisjon.

– Det var utruleg herleg at vi klarte det, seier ho.

Sørfjell vann si avdeling to poeng føre Express 2 og tre poeng føre kristiansandsklubben Hånes. Neste helg skal opprykket feirast.

– Då skal vi ha ei lita feiring. Eg reknar med det blir stor stas, seier ho.

– Har du tru på at du får ein av prisane som skal delast ut?

– Eg håpar eg ligg godt an til å bli beste kvinnelege spelar i alle fall, ler ho.

Margunn Haugenes trener gutta

Margunn Haugenes på oppvarming med Sørfjell tidlegare i år.

Foto: Erik Wiig Andersen / NRK

Vurderer trenarjobb

Haugenes har vore ein av dei mest markante skikkelsane i norsk kvinnefotball. I tillegg til OL-gull i år 2000 har ho vore proff i engelske Fulham.

Ho har også vore trenar i Toppserieklubben Amazon Grimstad. Haugenes meiner ho har markert seg i 6. divisjon.

– Det er litt gøy når motstandarbacken spør deg i pausen om du har tenkt å springe like mykje gjennom heile kampen, seier ho.

Haugenes fekk sparken som trenar i Amazon Grimstad i fjor haust. Ho er klar på at ho framleis har ambisjonar som trenar.

– Eg tygg på eit par tilbod no. Så får vi sjå kva det blir til, seier ho.

Haugenes vil ikkje avsløre kva klubbar som har teke kontakt.

– Det er norske klubbar på eit relativt høgt nivå, seier ho.

Vil bli med til 5. divisjon

Midtbanespelaren håpar også på å få med seg nokre kampar i 5. divisjon.

– Dersom eg tek på meg ein trenarjobb kjem eg uansett til å følgje tett med på gutane i Sørfjell. Det hadde vore kult å få nokre minutt i 5. divisjon. Det skal eg få til uansett kva eg bestemmer meg for, seier Haugenes som ikkje reknar med å «vinne» opprykksfesten neste helg.

– Eg har ingen ambisjonar om det. Det håpar eg verkeleg at eg ikkje gjer, ler ho.

Sjå reportasje med Margunn Haugenes

Margunn Haugenes har gjort comeback i seriefotballen i en alder av 44. Men det var ingen dameklubb i nærheten, så da ble hun like gjerne en av gutta.