Hopp til innhold

No prøver dei å redusere køen

Vegvesenet skal gjennomføre fleire tilakt for å dempe dei store køproblema på E39 inn mot Kristiansand.

E39 i Kristiansand

NYTT FELT: På Vesterbrua vil det komme eit nytt felt i austgåande retning.

Foto: Svein Sundsdal/NRK

Svein Kristoffersen

Svein Kristoffersen

Foto: Svein Sundsdal/NRK

På Vesterbrua, høgbrua vest for Kristiansand sentrum, kjem det snart eit ekstra køyrefelt mot byen.

– Dette kallast strakstiltak. Vi skal merke opp på Vesterbroa slik at vi får eitt felt ekstra vestover og to felt austover, seier sjefsingeniør Svein Kristoffersen til NRK.no.

Ekstra felt

Eit ekstra felt inn mot byen vil hjelpe i morgonrushet meiner vegesenet. Køane er lange og veks. Det har resultert i at bilistane klager og næringslivet klagar.

– Frå Søgne og innover i halv åtte-åtte tida er det litt slitsamt. Då går det litt tregt, seier han.

Eit anna tiltak som vil hjelpe på E39 er utbetring av rundkøyring i Songdalen som vil ta unna meir trafikk.

Ferdig innan nyttår

– Ved Brennåsen og Rosseland er vi på tiltak for å forbetre avviklinga. Det vil bli litt fleire felt mellom dei to kryssa og litt meir plass i rundkøyringa på Rosseland slik at ein kan køyre i to felt samstundes. Så skal det hjelpe litt, seier han.

Planleggjinga av tiltaka er i full gang. Målet er å bli ferdig innan nyttår.

– Det er pengar sett av i år, så vi held på å sjå på byggjeplanar for det. Får vi det til på eksisterande veggrunn gjer vi det så raskt vi kan, seier Kristoffersen.

Situasjonen er no blitt slik at det skal lite til før trafikken bryt saman.

Rundkjøring på Rosseland

Rundkøyringa på Rosseland vil bli utvida.

Foto: Svein Sundsdal/NRK

Sårbare vegar

– I førre veke hadde vi ein trailer som fekk motorstopp i Hannevika der dei driv med vegarbeid. Då skapte det køar som stod til Varoddbroa. Det er sårbart akkurat no. Vi har kun eitt køyrefelt å få trafikken forbi, seier han.

Sjefsingeniøren har klart for seg korleis vegane bør sjå ut i framtida.

– Frå vegsida er det å få fire felt både på E39 og på Vågsbygdveien. Der kjem jo eit stykke relativt raskt, medan det står att ein del på E39 ut mot Søgne, seier han.

Siste nytt fra NRK Sørlandet

null
Spiller nå
Lett å få flyskrekk av dette - men det finnes råd 00:41
Neste

Økonomistatus

Strømpris i dag

Inkludert avgifter

Billigst kl. 14 1,6 kr
Dyrest kl. 18 1,95 kr

Strømkostnader nå

  • Steke pizza 0,6 kr 25 min.
  • Dusje 6,3 kr 10 min. / 100 liter vann
  • Vaske klær 0,8 kr En vask
  • Varmeovn 1,6 kr 1000w, en time

Styringsrenta i prosent

Høyere styringsrente betyr økte utgifter dersom en har boliglån

Økte matpriser

Hvor mye matprisene har økt det siste året, sammenlighet med lønnsutvikling

  • Matvarer Mars 2023 – mars 2024
    + 6,1 %
  • Lønnsutvikling Anslag for 2024
    + 4,9 %