Hopp til innhold

No kjem regnet: – Det blir ganske kraftig nedbør

Etter ein lang periode med skikkeleg sommarvêr kjem regnet til Sørlandet onsdag.–

Regn

Det blir regn i landsdelen både onsdag og torsdag.

Foto: Kleiven, Paul / NTB scanpix

– Det blir meir ustabilt i morgon og torsdag. Morgondagen ser greitt ut, men nokre byger blir det nok, seier statsmeteorolog Bente Wahl til NRK.

Etter fleire samanhengande dagar med strålande sol, strandliv og grilling må sørlendingane innsjå at regnet kjem.

– Spesielt torsdag vert det aukande bygeaktivitet. Då kan det bli ganske kraftig nedbør med fare for torden, seier ho.

Nedbør inneber også at temperaturane vil gå ned i landsdelen.

– Det vil bli greie temperaturar, men truleg ikkje heilt opp mot 25 grader. Det blir nok nær 20 grader enkelte stader. Det har litt å seie kor mykje sol vi får, seier Wahl.

Men regnet kjem ikkje til å prege Sørlandet i lang tid. Allereie laurdag kan sommarvêret vere tilbake for fullt.

– Fredag vert det gradvis betre. Laurdag, søndag og måndag blir det mykje bra vêr. Temperaturane vil stige utover heile helga, så det blir ei flott langhelg, seier statsmeteorologen.

Siste nytt fra NRK Sørlandet

null
Spiller nå
Lett å få flyskrekk av dette - men det finnes råd 00:41
Neste

Økonomistatus

Strømpris i dag

Inkludert avgifter

Billigst kl. 14 1,6 kr
Dyrest kl. 18 1,95 kr

Strømkostnader nå

  • Steke pizza 0,6 kr 25 min.
  • Dusje 6,3 kr 10 min. / 100 liter vann
  • Vaske klær 0,8 kr En vask
  • Varmeovn 1,5 kr 1000w, en time

Styringsrenta i prosent

Høyere styringsrente betyr økte utgifter dersom en har boliglån

Økte matpriser

Hvor mye matprisene har økt det siste året, sammenlighet med lønnsutvikling

  • Matvarer Mars 2023 – mars 2024
    + 6,1 %
  • Lønnsutvikling Anslag for 2024
    + 4,9 %