Hopp til innhold

No kjem kommune-dommen

Onsdag legg kommunalministeren fram den nye kommunereforma. Der får vi truleg svar på kva som skal liggje til grunn når kommunar skal slåast saman.

DIREKTE: Kommuneproposisjonen )

I dag er det til saman 30 kommunar i dei to agderfylka. Truleg vil fleire kommunar bli slått saman.

Jan Tore Sanner (H)

Kommunalminister Jan Tore Sanner skal presentere den framtidige kommunereforma onsdag.

Foto: Jarl Fr. Erichsen / Scanpix

Då kommunalminister Jan Tore Sanner besøkte Sørlandet i mars peika han mellom anna på at samanslåing av kommunar i arendalsregionen vil kunne skape eit nytt tyngdepunkt på Sørlandet.

Vil ha robuste kommunar

– Det vil kunne skape ein større balanse mellom Kristiansand og arendalsregionen, sa Sanner.

– Mitt poeng er å bruke reforma til å skape meir robuste kommunar og også fremje vekst i både Aust- og Vest-Agder, sa Sanner.

Då kommunalministeren besøkte Sørlandet ville han ikkje seie noko om kor mange kommunar det skal vere på Sørlandet i framtida. Det er i dag 15 kommunar i Vest-Agder og 15 kommunar i Aust-Agder.

– Det vil avhenge av korleis ein kan gi innbyggjarane eit best mogleg tenestetilbod. Eg er oppteken av at debatten skal starte med tenestetilbodet til innbyggjarane og ikkje minst korleis ein kan styrkje lokaldemokratiet, sa Sanner i mars.

Frå 428 til 105 kommunar?

Samstundes var han klar på at kommunereforma vil innebere ein stor reduksjon i talet på kommunar.

– Ja, kommunereforma kjem og skal gjennomførast i denne perioden. Det handlar om å sikre innbyggjarar og eit godt tenestetilbod. Og det betyr større og meir robuste kommunar. Det betyr færre kommunar, sa han.

Det er 428 kommunar i Norge i dag. I august i fjor la analyseselskapet NIVI fram ei skisse for NRK til korleis kommunekartet kan sjå ut etter omfattande samanslåingar.

I analysen kjem det fram dramatiske kutt i talet på kommunar – frå 428 til 105. Altså vil 75 prosent av dagens kommunar bli lagde ned og slått saman med nabokommunane.

Siste nytt fra NRK Sørlandet

null
Spiller nå
Sjimpanser på påskeeggjakt 00:55
Neste

Økonomistatus

Strømpris i dag

Inkludert avgifter

Billigst kl. 02 0,87 kr
Dyrest kl. 20 1,48 kr

Strømkostnader nå

  • Steke pizza 0,4 kr 25 min.
  • Dusje 3,7 kr 10 min. / 100 liter vann
  • Vaske klær 0,5 kr En vask
  • Varmeovn 0,9 kr 1000w, en time

Styringsrenta i prosent

Høyere styringsrente betyr økte utgifter dersom en har boliglån

Økte matpriser

Hvor mye matprisene har økt det siste året, sammenlighet med lønnsutvikling

  • Matvarer Feb 2023 – feb 2024
    + 6,3 %
  • Lønnsutvikling Anslag for 2024
    + 5,5 %