Hopp til innhold

No går ØIF Arendal for cupfinale

ØIF Arendal hadde ingen problem med å slå 2. divisjonsklubben Greipstad i cupens 2. runde. No vil trenaren til cupfinalen i desember.

ØIF Arendal hadde ingen problem med å slå 2. divisjonsklubben Greipstad i cupens 2. runde. No vil trenaren til cupfinalen i desember.

VIDEO: Leif Gautestad er klar på at laget går for cupfinale.

– Dette var første steg mot cupfinalen. Målsetjinga er at vi skal vere med å kjempe om gull og medaljar. Ambisjonen er å spele cupfinale i Oslo Spektrum mellom jul og nyttår, seier ØIF Arendal-trenar Leif Gautestad til NRK.

I onsdagens kamp mot Greipstad var det klasseforskjell på laga.

Breiare stall

Heimelaget Greipstad leia rett nok med fire mål etter ti minutt, men ØIF slo raskt tilbake og vann enkelt 37–18 i Nodelandshallen.

– Først og fremst har vi ein brei og god spelarstall. Vi har fått eit mannskap og eit verktøy som kan vere med å kjempe i alle kampar mot alle lag, seier Gautestad.

– Det er mange lag som er cirka like gode som oss, men vi må tru på det. Vi er jo frå Sørlandet og vi har trua, smiler han.

Sondre Paulsen var tilbake på bana etter fleire veker på sidelinja etter ein blindtarmoperasjon. Kantspelaren var glad for å vere med i kamp igjen.

– Det gjekk fint, eller vi får sjå korleis det kjennest ut i morgon, men akkurat no går det bra. Det var gøy å vere tilbake å spele kamp med gutane, seier han.

Møter Stabæk

Landslagsspelaren er samstemt med trenaren om at cupfinale kan vere mogleg denne sesongen.

– Sjansane er til stades, men vi må vere heldige med trekning. Vi skal ta det vi får, seier han.

Neste utfordring for ØIF Arendal i cupen vert 2. divisjonsklubben Stabæk.

– Det er ikkje noko dårleg lag. Det er eit lag med gode og gamle handballstjerner, seier han.

Andre Jørgensen Hofstøl, ØIF Arendal

Andre Jørgensen Hofstøl scorar for ØIF Arendal mot Greipstad.

Foto: Sander Heggheim/NRK
null
Spiller nå
NRK Forklarer: Baneheia-saken 01:05
Neste

Økonomistatus

Strømpris i dag

Inkludert avgifter

Billigst kl. 14 1,31 kr
Dyrest kl. 08 1,56 kr

Strømkostnader nå

  • Steke pizza 0,6 kr 25 min.
  • Dusje 5,9 kr 10 min. / 100 liter vann
  • Vaske klær 0,7 kr En vask
  • Varmeovn 1,5 kr 1000w, en time

Styringsrenta i prosent

Høyere styringsrente betyr økte utgifter dersom en har boliglån

Økte matpriser

Hvor mye matprisene har økt det siste året, sammenlighet med lønnsutvikling

  • Matvarer Mars 2023 – mars 2024
    + 6,1 %
  • Lønnsutvikling Anslag for 2024
    + 4,9 %