Hopp til innhold

No er rushtidsavgifta innført i Kristiansand

Klokka 12 måndag vart rushtidsavgift innført i Kristiansand. Skilta med dei nye prisane vart sett opp måndag føremiddag.

Klokka 12 måndag vart rushtidsavgift innført i Kristiansand. Skilta med dei nye prisane vart sett opp måndag føremiddag.

VIDEO: Dei nye skilta med nye prisar vart sett opp måndag.

Det betyr at det vert dyrare å passere bomstasjonane i Kristiansand på bestemte tidspunkt.

Det var med blanda kjensler anleggsleiar i NCC roads, Lars Terje Roland, hengde opp skilta.

Lars Terje Roland

Lars Terje Roland i NCC roads.

Foto: Odd Rømteland/NRK

– Eg har mi meining, men vi gjer som politikarane har bestemt, seier Roland til NRK.

– Kva er di meining?

– Mi meining er at det burde ha vore fleire bussar og kollektivtransport før avgifta kom, seier han.

Følte seg pressa av staten

Målet med avgifta er å få fleire til å droppe bussen og heller sykle, gå eller ta bussen til byen. Kommunen har lova å styrkje busstilbodet.

Innføring av rushtidsavgift vart vedteke i Kristiansand bystyre i april i fjor. Dei borgarlege partia kjempa hardt for å unngå avgifta, men følte seg pressa av den raudgrøne regjeringa.

Årsaka var at samferdsleminister Magnhild Meltveit Kleppa ville halde tilbake 60 millionar kroner i belønningsmidlar til kollektivtrafikken og gang- og sykkelvegar i byen.

Kommunen er avhengig av desse midlane for å unngå eit kraftig redusert tilbod i busstilbodet til innbyggjarane.

Vil fjerne avgifta

Gruppeleiar i Kristiansand Høgre, Hans Otto Lund, har lova å kjempe for å få bort avgifta så raskt som råd.

– Eg vil følgje opp via våre stortingspolitikarar og direkte med vår påtroppande statsminister. Eg veit ho har sagt i ein del møter at rushtidsavgift er ein uting, som spesielt råkar dei med dårlegast råd, som småbarnsfamiliar, seier han.

Lund meiner at avgifta tidlegast kan fjernast våren 2015.

Siste nytt fra NRK Sørlandet

null
Spiller nå
NRK Forklarer: Baneheia-saken 01:05
Neste

Økonomistatus

Strømpris i dag

Inkludert avgifter

Billigst kl. 14 1,05 kr
Dyrest kl. 21 1,56 kr

Strømkostnader nå

  • Steke pizza 0,6 kr 25 min.
  • Dusje 6,3 kr 10 min. / 100 liter vann
  • Vaske klær 0,8 kr En vask
  • Varmeovn 1,5 kr 1000w, en time

Styringsrenta i prosent

Høyere styringsrente betyr økte utgifter dersom en har boliglån

Økte matpriser

Hvor mye matprisene har økt det siste året, sammenlighet med lønnsutvikling

  • Matvarer Mars 2023 – mars 2024
    + 6,1 %
  • Lønnsutvikling Anslag for 2024
    + 4,9 %