Hopp til innhold

No er målet å overleve for Start

Med eit nytt eliteserietap nærmar Start seg botnen av tabellen. Klubben står med to sigrar på dei siste ti kampane i serien.

Start-Vålerenga 2011

TAP: Start-trenarane Frode Fredriksen (t.v) og Erik Ruthford Pedersen må innsjå at Start nærmar seg nedrykksstreken etter eit nytt tap.

Foto: Schrøder, Tor Erik / Scanpix

– Det seier seg sjølv at dersom vi held fram slik vil det bli tøft å overleve, seier Start-trenar Frode Fredriksen til NRK.no.

– Men vi skal jobbe hardt for å snu dette, og det er ein bra «go» i spelargruppa. Alle er innstilt på at vi skal klare å snu dette, seier trenaren.

2xMuri

Han leia Start i sin første seriekamp etter at Knut Tørum sa opp, og måtte sjå laget tape kampen mot Vålerenga på to dødballar. To gonger fekk André Muri gå heile aleine opp på hjørnespark - begge resulterte i scoring, og Vålerenga vann 2-0 på Sør Arena.

– Det er ein jamn fotballkamp. Spelemessig er vi heilt på høgde. Eg er nøgd med den defensive strukturen, men det er to dødballmål der vi glipp markeringa. Det er der kampen vert avgjort, seier Fredriksen.

Midtbanespelar Christer Kleiven innser at laget er blant botnlaga etter eit nytt tap i eliteserien.

Christer Kleiven og Mohammed Fellah

LENGE IGJEN: Christer Kleiven (t.h) påpeikar at det er mange kampar att av årets eliteserie, men innser at laget på betre prestasjonane for å unngå nedrykk.

Foto: Schrøder, Tor Erik / Scanpix

– Lenge igjen

– Det er kjedeleg. I dag føler eg at vi spelar ein god kamp. Eg føler at vi er betre enn Vålerenga, men det hjelper ikkje når dei scorar to mål. Det er alt for lette mål, så det er veldig surt, seier Kleiven.

– Er målet å halde plassen no?

– Sjølvsagt. Vi har ikkje planar om å rykke ned. Men det trur eg ikkje vi gjer heller. Det er lenge att, og vi må spele betre enn vi gjorde i dag iallefall, seier Kleiven.

Dagens mann på Sør Arena heiter definitivt André Muri. Midtstopparen var solid defensivt og scora altså begge måla til Vålerenga.

André Muri

MÅLSCORAR: André Muri scora to mot Start.

Foto: Larsen, Håkon Mosvold / Scanpix

– Dei var nesten ferdigscora begge to. Det var fantastisk bra serve på begge to. Då er det berre å vere først på den, gliser André Muri.

– Kanskje litt heldige

Trenar Martin Andresen skryt av stopparen sin.

– Han er avgjerande i begge endar av bana. Han har vore stabil i to år og er ein bauta for oss, seier Andresen.

– Vi fungerer alright defensivt i dag. Dei skapar litt meir enn eg likar på oss, men vi viser vilje til å verne om målet vårt. Vi kan kanskje seie at vi er litt heldige som får to dødballmål, seier Muri.

Siste nytt fra NRK Sørlandet

null
Spiller nå
NRK Forklarer: Baneheia-saken 01:05
Neste

Økonomistatus

Strømpris i dag

Inkludert avgifter

Billigst kl. 14 1,05 kr
Dyrest kl. 21 1,56 kr

Strømkostnader nå

  • Steke pizza 0,6 kr 25 min.
  • Dusje 6,2 kr 10 min. / 100 liter vann
  • Vaske klær 0,8 kr En vask
  • Varmeovn 1,5 kr 1000w, en time

Styringsrenta i prosent

Høyere styringsrente betyr økte utgifter dersom en har boliglån

Økte matpriser

Hvor mye matprisene har økt det siste året, sammenlighet med lønnsutvikling

  • Matvarer Mars 2023 – mars 2024
    + 6,1 %
  • Lønnsutvikling Anslag for 2024
    + 4,9 %