NRK Meny
Normal

No blir det slutt på glatt vegbane

Ein feil i asfaltblandinga har ført til glatt vegbane både på E18, E39, fylkesveg 1 og riksveg 9. No har entreprenøren snart ordna opp.

Skilting på Torridalsveien

Desse skilta vert teke ned i neste veke.

Foto: Knut Knudsen Eigeland / NRK

– Vi har gjort nye målingar etter å ha sett inn tiltak. No er friksjonsmålingane innanfor krava, seier byggeleiar for asfalt i Statens vegvesen, Karsten Utsogn.

Karsten Utsogn

Karsten Utsogn er byggeleiar for asfalt i Statens vegvesen.

Foto: Statens vegvesen

I slutten av august fortalde NRK at den nyasfalterte pendlarvegen mellom Vennesla og Kristiansand hadde for glatt dekke.

Skulda på asfalttypen

Då vart det sett opp skilt som fortalde at det kunne vere glatt ved våt vegbane. Entreprenøren Lemminkäinen Norge forklarte at det var asfalttype var årsaka.

– Denne asfalttypen har ei råoljeblanding med mykje bitumen i seg. Bitumen vert brukt til å binde saman asfalten, sa direktør for sal, marknad og kommunikasjon, Tom Andre Aas til NRK i august.

– Når vi valsar over på slutten, kan bitumen bli pressa opp til overflata. Når asfalten tørkar, kan det oppstå ei glatt hinne med bitumen,

I tillegg til fylkesveg 1 har det også vore problem med glatt vegbane på E18, E39 og riksveg 9 etter at dei la ny asfalt.

Kva som eigentleg er årsaka veit dei ikkje med hundre prosent sikkerheit.

– Dette skal ikkje skje. Vi er lei oss for at det har hendt, sa Aas.

Asfalt sødalsida

Pendlarvegen mellom Vennesla og Kristiansand er blant strekningane som har vore glatte.

Foto: Knut Knudsen Eigeland / NRK

Fresa asfalten

No har entreprenøren «rubba» den nylagde asfalten.

– Dei har brukt ei maskin som skyt ut stålkuler for å rubbe asfalten. Dette fungerte bra, men eit par stader må dei gå over med mekanisk fres, forklarar Utsogn og vegvesenet.

– Vi har gjort nye friksjonsmålingar. Eit par stader måtte dei gjere det om igjen. I neste veke skal dei gå over eit parti på E39 i Søgne. Etter det har dei rydda opp, seier Utsogn.

Byggeleiaren seier at det ikkje er uvanleg at ein må gå over nylagd asfalt på nytt.

Får truleg ikkje konsekvensar

Truleg vil det ikkje få konsekvensar for entreprenøren.

– Det er noko vi opplever frå tid til anna både her i Agder og andre stader i landet. Dessverre er dette ting som kan skje, seier han.

Skilt med glatt vegbane vil bli ståande på E39 ved Valand i Mandal.

– Der har vi fått meldingar om at det framleis er glatt. Der let vi skilta stå i kurvane sjølv om målingane er rimeleg bra, seier han.