NRK Meny
Normal

No blir det fire felt på ny E39

Det er fleirtal blant transportpolitikarane på Stortinget for firefelts motorveg på E39 mellom Søgne og Ålgård.

E39, motorveien

Transportkomiteen på Stortinget vil bygge firefeltsveg frå Søgne til Ålgård.

Foto: Ole Andreas Bø / NRK

– Det betyr at vi har ei form for bestilling til regjeringa om at vi ynskjer firefeltsveg snarast mogleg, seier stortingsrepresentant for Frp i Vest-Agder, Åse Michaelsen til NRK.

Eit fleirtal transportkomite på Stortinget er einige om at ein ny E39 mellom Søgne og Ålgård skal byggast med fire felt.

– Det er ikkje lenger snakk om to eller tre felt, seier stortingsrepresentanten.

I sommar bad Samferdsledepartementet Statens vegvesen om å utarbeide planar for fire felt på ein ny E39. Dette helsar Høgre, Frp, venstre og KrF velkommen.

Staten kan gripe inn

Åse Michaelsen

Åse Michaelsen (Frp).

Foto: Håkon Eliassen / NRK

Førstkommande torsdag skal vegutbygginga diskuterast i budsjettdebatten på Stortinget.

– Då vert det endeleg vedteke. Det skal veldig mykje til for at det endrar seg, seier ho.

Målet er å komme i gang med bygging av den nye vegen raskast mogleg. Michaelsen viser mellom anna til at planleggingspengane til den nye vegen er dobla neste år samanlikna med i år.

– Desse pengane skal brukast til planlegging og til å kjøpe areal frå private der vegen skal gå, seier Michaelsen.

Fleire kommunar er allereie i gang med å planlegge trasé for den nye vegen. No vil Michaelsen har fortgang i prosessane ute i kommunane. Samstundes opnar ho for at staten kan gripe inn.

– Dersom kommunane ikkje vert einige er det ei moglegheit for at staten grip inn og vel trasé. Det viktigaste for oss er å bygge vegen raskast mogleg, seier Frp-politikaren.

Vil ha rask avgjerd

Michaelsen understrekar gang på gang at det viktigaste er at vegutbygginga kjem i gang så raskt som mogleg. Ho vil difor ha fortgang i dei enkelte kommunane for planlegging av trasé.

– Vi kan ikkje risikere at åra går og vi ikkje blir einige. Difor er både fraksjonsleiar i Høgre, Linda Helleland, og eg tydlege på at det kan vere aktuelt å bruke ein statleg plan. Det vil seie at staten avgjer kvar vegen skal gå. Kommunane skal sjølvsagt få lov til å vere høyringsinstans, men det er staten som skal avgjere kvar vegen skal gå, seier Michaelsen.

– Ventar du reaksjonar dersom det vert slik?

– Frp har vore eit talerøyr for dette i mange år, så for oss er ikkje dette nytt. For eg trur folk flest ynskjer ei slik løysing dersom det dreg ut i tid, seier ho.