Hopp til innhold

– Lister ein turist-vinnar

– Vi har våga å vise vår eigenart, og det har også turistane latt seg begeistre av, seier dagleg leiar Patricia Hartmann i Farsund365.

Dresin Flekkefjord

Dresinkøyring på Flekkefjordbanen er eit av mange originale turistmål i Listerregionen

Foto: Sigbjørn Kristiansen / NRK

– Ein har klart å nå ut med eit særpreg, og vere for dei spesialinteresserte. I tillegg til at ein har tatt innover seg det kundekravet som ligg i botn, seier Hartmann.

Patricia Hartmann

Patricia Hartmann meiner Lister har lukkast i å samarbeide godt på tvers av kommunegrenser.

Foto: Svein Sundsdal / NRK

Hartmann er dagleg leiar i Farsund 365, som er næringsorganisasjonen i Farsund kommune. Turistnæringa er ein av dei mest veksande næringane i verda, og me har i Norge ligge litt etter, og me har ennå fleire marknadsandelar å ta av, seier ho.

–Driv ein med ei nisje som er sjeldan må ein stikke seg fram og fronte dette. Der har eg sett ei fin forandring dei siste åra med at me på Sørlandet har prøvd å stikke oss meir fram. Å det må ein skal ein nå ut med ei nisje, seier Hartmann.

Det har etter kvart blitt mange turistattraksjonar i Lister-regionen som er av den litt spesielle sorten. Blant anna dresinkjøring på flekkefjordbanen og laksetrapp i Kvåsfossen.

Saka held fram under video

Aldri før har dresinsykling på Flekkefjordbanen vært mer populært. Den nedlagte jernbanelinja har fått «nytt liv».

Les meir:

Ikkje nok med fin strand

Det er verdifullt at den eine attraksjonen løfter den andre opp fordi ein tenker på kundestraumen. Slik at næringane sjølv går i spissen for utviklinga, og det offentlege er ein behjelpeleg part.

– Før hadde me noko som heitte Lister reiseliv, men det blei avvikla. I dag har me eit meir uoffisielt samarbeid, som også er meir næringsdriven. Det meiner eg fungerer godt, seier Hartmann.

Reiselivssjef i Lyngdal Anne Grete Løland seier det har komme mange attraksjonar dei siste åra innanfor ein relativ kort reiseavstand. – Lyngdal har jo vore ei campingbygd i alle år. Men det er ikkje nok med ei strand lenger, ein må også ha noko anna å tilby, seier Løland.

Dei små samarbeider tett

–Sørlandsbadet har fungert som ein maskin i regionen. Det har vore ein god base for turistar som også besøker andre attraksjonar i området, seier Løland.

Leiar av Lygna Opplevelse Knut Helge Thompsen, ser det ikkje heilt på same måte. – Me er mange små som nok har drukna litt i dei store aktørane.

–Difor er me 10–12 familiebedrifter som har gått i hop for å marknadsføre oss felles, slik at me når ut til både turistar og lokale, seier Thompsen.

Blant desse er Kvelland Vingård, Hjortefarmen på Naglestadheia, Forminneparken i Hægebostad og den nyopna laksetrappa i Kvås.

Flere tusen vil se laksen svømme i Kvåsfossen i Lyngdal.
null
Spiller nå
Lett å få flyskrekk av dette - men det finnes råd 00:41
Neste

Økonomistatus

Strømpris i dag

Inkludert avgifter

Billigst kl. 15 1,62 kr
Dyrest kl. 08 2,15 kr

Strømkostnader nå

  • Steke pizza 0,6 kr 25 min.
  • Dusje 6,3 kr 10 min. / 100 liter vann
  • Vaske klær 0,8 kr En vask
  • Varmeovn 1,5 kr 1000w, en time

Styringsrenta i prosent

Høyere styringsrente betyr økte utgifter dersom en har boliglån

Økte matpriser

Hvor mye matprisene har økt det siste året, sammenlighet med lønnsutvikling

  • Matvarer Mars 2023 – mars 2024
    + 6,1 %
  • Lønnsutvikling Anslag for 2024
    + 4,9 %